Einingsleiar
Org.nr.:921244207 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
I Sunnfjord kommune er det 4 omsorgssenter som yt pleie- og omsorgstenester til brukarane på institusjonsplassane. Ved Førde omsorgssenter, skjerma, er det for tida 28 sjukeheimsplassar for personar med demenssjukdom.
Det er tett samarbeid mellom einingane i pleie- og omsorgstenestene og organisatoriske endringar må påreknast dersom det er til det beste for brukarane og drift av tenesta.
Vi søker no etter:
- einingsleiar i 100 % fast stilling
Kvalifikasjonar for stillinga:
Du må ha:
- relevant høgare helsefagleg utdanning og relevant leiarerfaring
- erfaring frå fagfeltet
- god IKT-kompetanse
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Ønskeleg med:
- erfaring innan økonomiarbeid
- vidareutdanning innan helse- og sosialadministrasjon, evt. anna relevant leiar/økonomiutdanning
Vi søker deg som:
- er utviklingsorientert, initiativrik
- er engasjert i fagfeltet og har evne til å motivere
- har gode samarbeidsevner og kan jobbe tverrfagleg
- er ein tydeleg leiar med gjennomføringsevne
- har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
- er lagspelar med fagleg autoritet innanfor ansvarsområdet
Løn etter avtale.
Velkomen som søkar!
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Kirstin Bruland, Mobil +47 416 15 102, Epost: kirstin.bruland@sunnfjord.kommune.no
Om bedriften
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 23 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.