Barneveileder/Assistent i skole og SFO
Org. nr: - Stillingsident: 4243641055 Presentasjon av stillingen:
Ordinær avdeling:
Inntil 3 stk. 100% vikariat i skole og SFO, og inntil 2 stk. 48% vikariat kun i SFO i perioden 01.08.20 - 31.07.21.
Forsterka avdeling:
1 stk. 40% vikariat på forsterket SFO i perioden 01.08.20 - 31.07.21.
Deltidsstillingene både på ordinær og forsterka avdeling kan regne med å få jobbe som vikar utover deltidsstillingane ein er tilsett i.
Hatlane skole er ein bokmålsskole, og all undervisning, både munnleg og skriftleg foregår på bokmål.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til eit trygt og inkluderande skulemiljø.
- Bidra til god tilrettelegging for elevar med særskilte behov i nært samarbeid med pedagog.
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette og kollegaer.
- Ta ansvar for å gje elevane ein heilskapeleg skulekvardag.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar er ønskeleg.
- Erfaring frå arbeid med barn med særskilte behov.
- Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
- Den som vert tilsett vil måtte framlegge tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
- Vi oppfordrar menn til å søkje.
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som er bevisst rolla si som voksen, med gode omsorgsevner og med fokus for det enkelte barn.
- Vi søker deg som er oppteken av gode løysingar, har gode samarbeidsevner, og som trives i ein aktiv kvardag, med både inne- og uteaktivitetar.
- Gode relasjons- og kommunikasjonsferdigheiter.
- Varm og tydeleg.
- God helse og stabilitet er vesentleg.
Vi tilbyr
- Eit positivt og inkluderande læringsfellesskap.
- Godt og sosialt arbeidsmiljø.
- Varierte arbeidsoppgåver.
Kontaktinformasjon
Britt Leira Heimdal, Verksemdsleiar/Rektor, 70 16 26 61
Arbeidsstad
Smedgarden 5
6016 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4243641055
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 14.06.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.