FAGARBEIDAR TØMRAR / FAGANSVARLEG BYGNINGSVERN
Vest-Telemark Museum er utviklingsorientert og har klare ambisjonar. Museet skal vere ein mangfaldig og open arena for kulturopplevingar, læring og dokumentasjon, i tillegg til å utføre felles drifts- og fagfunksjonar for museumseiningane i regionen. Sjå meir info om oss på www.vtm.no
Om stillinga:
Du vil vere knytt til vår vedlikehaldsavdeling og er del av eit større fagmiljø som arbeider for heile regionen. Me ynskjer oss ein dyktig handverkar med praktisk erfaring, forståing for antikvarisk bygningsvern og som både kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Søkjar bør ha praksis innan feltet, og ha forståing for og kunnskap om antikvariske prinsipp for restaurering. Det er ynskjeleg at søkjar har relevant utdanning, fortrinnsvis bygningsvernstudiet (FTB53D), men relevant praksis kan erstatte dette.
Vår vedlikehaldsavdeling har ansvar for sikring, tilsyn, førebyggande tiltak og restaurering av ei omfattande antikvarisk bygningsmasse, i tillegg til enklare vedlikehald av støttefunksjonsbygg. I tillegg har avdelinga ein viktig støttefunksjon i samband med utstillingsbygging, og oppgåver knytt til oppstart og drift gjennom sesong.
Stillinga er på heiltid og førebels eit engasjement ut 2021, men med høve for forlenging. Seks månaders prøvetid. Løn etter avtale og ordna pensjonsvilkår.
Tiltreding 1.juni
Meir informasjon kan du få ved å kontakte Dag Rorgemoen på 35 06 90 90 / 97 086 084 eller sjå www.vtm.no
Søknad med vitnemål og attestar sender du til dr@vtm.noeller Vest-Telemark Museum, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo innan 20.april.
Om bedriften
Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for museumsfagleg drift og vedlikehald av musea i Vest-Telemark. Desse er i dag Vest-Telemark Museum Eidsborg, Norsk Skieventyr i Morgedal, Åmdals Verk gruver, Grimdalstunet, Fyresdal bygdemuseum, Kviteseid bygdetun, Øyfjell bygdemuseum, Dyre Vaa-samlingane (Rauland), Knut Skinnarland-samlinga (Rauland), Myllarheimen (Arabygdi) og Vinje biletgalleri. Me har 13 fast tilsette og sysselset vel 17 årsverk.
Vest-Telemark Museum er utviklingsorientert og har klare ambisjonar. Museet skal vere ein mangfaldig og open arena for kulturopplevingar, læring og dokumentasjon, i tillegg til å utføre felles drifts- og fagfunksjonar for museumseiningane i regionen.