Reinhaldar - Sandnes reinhaldsområde
Masfjorden kommune har ledig 100% fast stilling som reinhaldar i Sandnes reinhaldsområde.
Sandnes reinhaldsområde består av Sandnes skule, Sandnes barnehage, heimetenestekontoret og kommunehuset.
Arbeidsoppgåver
Reinhald av aktuelle bygg i Sandnes reinhaldsområde
Arbeidstid: Dagarbeid i vekedagar
Krav til stillinga
- Det er ynskjeleg at du har fagbrev som reinhaldsoperatør, men det er ikkje eit krav
- Erfaring frå reinhaldsoppgåver
- Arbeidsam og fleksibel
- Evne til å samarbeide og å finne gode løysingar
- Positiv og serviceinnstilt
- Du forstår og kan gjere deg forstått på norsk
Me kan tilby
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Oppdatert utstyr og hjelpemiddel i arbeidet
- Løn i samsvar med avtaleverket
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.