Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4368343314 Presentasjon av stillingen:
Herøy kommune, pleie- og omsorg har ledig ei 66 % fast stilling som sjukepleiar ved Blåtunet dagaktivitetssenter. Stillinga er todelt med arbeid kvar tredje helg. 50 % stilling er knytt til Blåtunet dagaktivitetssenter, dagarbeid. Resten av stillinga er knytt til turnusarbeid ved seksjon blå eller annan seksjon i pleie- og omsorg.
Stillinga kan ikkje delast opp
Blåtunet dagaktivitetssenter er ein del av seksjon blå ved Herøy omsorgssenter.
Arbeidsoppgåver
Miljøarbeid
Sjukepleiefaglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- bachelorutdanning i sjukepleie
- vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg , miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
-
likar faglege utfordringar
-
har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team
-
har fokus på heilskapleg pasientforløp
-
kan jobbe sjølvstendig
-
er strukturert og evnar å prioritere arbeidsoppgåver
-
er løysingsorientert og fleksibel
-
har evne til å skape tillit og tryggleik mellom pasient og helsepersonell
-
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskapar og erfaring.
Politiattest må kunne leggast fram før tilsetting.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtalar
- pensjonsordning og frivillig fritidsforsikring
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- Tilsetting skjer på dei vilkår som får fram av gjeldande tariffavtalar, lover og reglement.
- Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarlista kan bli offentleggjort.
- Ved intern tilsetting kan andre stillingsheimlar bli ledige.
Kontaktinformasjon
Julianne Higraff, Seksjonsleiar, 99210028
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5C
6092 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4368343314
Stillingsprosent: 66%
Fast
Startdato: 10.05.2021
Søknadsfrist: 02.05.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!