Tannlege - vikariat Vinje og Fyresdal tannklinikk
Det er ledig ei 100% stilling i eit års vikariat for tannlege ved Vinje og Fyresdal tannklinikk frå 01.09.2020. Stillinga er normalt delt 50/50 mellom dei to klinikkane, men dette kan endras etter klinikkane sine behov. Me er opne for å tilpasse oppstartsdato både før og etter 1.september. Nyutdanna tannlegar oppmodas også til å søke.
Me søker ein fagleg dyktig tannlege som ynskjer å bidra til å løyse tannhelsesektoren sitt samfunnsoppdrag. Du har mykje engasjement for pasientgruppene du vil møte i den offentlege tannhelsetenesta, og er interessert i å utvikle deg innan samtlege fagfelt i møte med både prioriterte grupper og vaksne betalande pasientar. Klinikkane har ein stor andel vaksne pasientar (omlag 50-60% av pasientmassa vår) og har difor eit breidt pasientgrunnlag med store moglegheiter for fagleg utvikling.
Det vert vektlagt at du er personleg egna til stillinga og me søker deg som har godt humør, er fleksibel og samarbeider godt med alle yrkesgrupper og samarbeidspartnarar. Du har digital kompetanse til å nytte fylkeskommunen sine IKT-løysingar og er motivert for å ta i bruk nye digitale løysingar.
Vinje tannklinikk ligg i Åmot sentrum, midtvegs mellom Oslo og Bergen. Busstopp til Haukeliekspressen, som køyrer til Oslo, er like ved tannklinikken. Klinikken ligg 30 min køyring frå vinterdestinasjonen Rauland og ligg i naturskjønne omgivnader som er ideelle for den som er friluftsinteressert. Vinje tannklinikk er ein moderne tannklinikk med fem behandlingsrom. Det er for tida fire tannlegestillingar, ei tannpleiarstilling, ein resepsjonist og fire tannhelsesekretærar ved klinikken.
Fyresdal tannklinikk ligg i sentrum av Fyresdal kommune, ca 1 t og 15 min frå klinikken i Vinje. Dette er ein einmannsklinikk, med ein tannlege og ein sekretær. Tannpleiar frå Vinje supplerar tannlegen i Fyresdal ved behov. Klinikken var heilt nyoppussa i 2018 og har moderne utstyr i innbydande lokaler. Fyresdal kommune er også eit eldorado for den friluftsinteresserte kandidaten!
På grunn av avstand mellom klinikkane er eigen bil og førarkort ei føresetnad.
Hovudarbeidsoppgåver og ansvarsområder
- Tannbehandling i 100% klinisk stilling
- Skal kunne jobbe sjølvstendig og ha det faglege ansvaret for behandlinga som blir utført
- Bidra til dagleg drift av klinikken
Endringar i ansvar og arbeidsoppgåver må kunne påreknas.
Kvalifikasjonar
++Utdanning++
- Godkjend norsk autorisasjon som tannlege
++Kunnskap og erfaring++
- Gjerne erfaring frå klinisk arbeid i liknande stilling
- Fagleg dyktig og evne til å halde deg fagleg oppdatert
- Med å samarbeide godt med alle yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
- Digital kompetanse
- Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
++Personlege eigenskapar++
- Ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Effektiv og kvalitetsmedveten
- Fleksibel, profesjonell og serviceinnstilt
- Positivt medverkande til naudsynte endringar i verksemnda
- Vilje til å delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling på klinikken
Fylkeskommunen skal vere ein omstillingsdyktig organisasjon, og arbeidsgjevar tek førehald om at sektortilhøyre, stilling, arbeidsstad og arbeidsoppgåver kan endras ved behov.
Me tilbyr
- Spanande og varierte oppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Tilsetting og prøvetid
Tilsetting skjer på grunnlag av dei til eikvar tid gjeldande lovar, tariffavtaler og reglement. Ved tilsetting av helsepersonell, krevas godkjend norsk autorisasjon. Det er vidare ei føresetnad at du kan framlegge godkjend politiattest (ikkje eldre enn tre månader). Som hovudregel praktiserar me prøvetid på 6 månadar fra oppstartsdato.
Søke stilling
Søknad sendas via elektronisk søknadsskjema. Vitnemål og attestar takas med til eventuelt intervju. Me gjer merksame på at alle våre søkarar kjem på offentlg søkarliste jf Offentleglova § 25. Ynskje om fritak fra offentleggjering må du begrunne i søknaden. Dersom ditt ynskje ikkje vert innvilga, varsler me deg om dette. Fylkeskommunen er oppteken av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Me oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søke.
Om fylkeskommunen
Fylkeskommunen er politisk styrt med fylkesordførar som øvste politiske ledar. Fylkesrådmannen er øvste administrative ledar. Vestfold og Telemark fylkeskommune skal bidra til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen, og har ansvar for viktige oppgåver innan bla vidaregående opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar, samfunnsutvikling, regional- og arealplanlegging. Me jobber tverrfagleg og set innbyggarane sine behov i sentrum. Til dette oppdraget søker me motiverte og endringsvillige medarbeidarar som er gode relasjonsbyggarar og utviklings- og løysingsorienterte lagspelarar. Søk på stillingen