Tilkallingsvikarar
Org.nr.:939901965 Stillingsident: 21/114 Presentasjon av stillingen :
Stillingstype
Eining for barn, ungdom og familie har behov for fleire tilkallingsvikarar .
Søkjarar vil bli fortløpande vurdert og kontakta.
Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplaner, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- legemiddelhåndtering
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok søkjarar med fagkompetanse kan ufaglærte verte tilsett..Det er ein fordel dersom du har erfaring frå arbeid innan psykisk helse.
For stilling legg vi vekt på:
- kunnskap om psykisk helsearbeid
- kunnskap om gjeldande lovverk om tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova, Pasient- og brukarrettighetslova og Psykisk helsevern
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
Vi tilbyr
- allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referanser Oppgi referanser.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Elly Christine Voldsdal Slettvoll, Tlf: 71181032, Mobil 90158565, Epost: elly.slettvoll@vestnes.kommune.no
Om bedriften
Eining for barn, ungdom og familie har om lag 24 årsverk fordelt på tenesteområda helsestasjon, Myra aktivitetssenter, psykisk helseteam og bustadtiltak. Eininga har brei helsefagleg kompetanse som familierettleiar, helsesøster, jordmor, spesialsykepleiar, barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar, hjelpepleiar og psykologspesialist. Eininga er ikkje samlokalisert, men er sentralt plassert i Vestnes sentrum. Fokusområdet i eininga er å ha eit førebyggande og helsefremjande perspektiv for barn, unge, vaksne og familiar med behov for hjelp og støtte sett ut ifrå eit familieperspektiv.