Restaurant Flor`n søkjer ein kokk / sous chef
Stillingsannonsen er inaktiv.Store Ringheim Hotell Og Restaurant As
Mølstervegen 44, 5705 Voss
Me ser slutten på pandemien og ei strålande framtid lyser bak horisonten og me ventar mange kresne og hyggelege gjester til gards utover sesongen.
Me søkjer etter ein kokk eller sous chef. Om du er denne personen må du ha kvalifikasjonar til å laga mat og menyar med utgangspunkt i dei råvarene me finn her lokalt. Gjerne innovative menyar, nye tilnærmingar og framfor alt god smak.
Du må ha solide faglege kunnskapar sidan me tek inn heile dyr frå lokale gardsslakteri og jegrar, skjer ned i grovkjøkenet vårt og brukar alt i ulike produkt og menyar. Her kjem det ikkje "kokkeklar" mat i posar og spann. Me har også grønsak og bærhage, urtehage og er ivrige sankarar av sopp, urter og bær frå naturen.
Du må også ha kunnskapar om lagerstyring, råvarekost/økonomi og kontroll på matsvinn.
Send oss nokre ord om kvifor nettopp du er den rette for oss og legg ved cv og referansar.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Store Ringheim Hotell Og Restaurant As
Adresse
Mølstervegen 44, 5705 Voss
Hjemmeside
Store Ringheim er eit lite hotell med ein middels stor restaurant liggjande i åssida 1km frå Voss Sentrum. Store Ringheim er ein stolt medlem av de Historiske Hoteller og Spisesteder, www.dehistoriske.no
Hotellet har 15 rom i to hus, Gardshuset frå 1860 - 1650 med 6 rom og Reidskapshuset med 9 rom. Romma er av høg standard og god storleik.
Restauranten har tre rom pluss uteplass med glashus (40m2) og terasse til servering. Restaurant Flor`n er eitt av romma, der serverer me ala carte. Dei to andre romma er til bankett eller konferanse.
Restauranten er svært velrenommert og skårar høgt på Tripadvisor osv. All mat vert laga frå grunnen, stort sett basert på lokale, ureiste råvarer.Me har eit eige grovkjøken der me tek inn og parterer heile dyr frå lokale slakteri eller jegrar. Verksemda har eigen grønsak og bærhage som også omfattar ein urteavdeling. Me har også avtale med fleire leverandørar av sopp, bær, urter osv frå naturen.
Kundegrupper er high end Norske og utanlandske gjester
Om stillingen
Stillingstittel
Kokk / sous chef
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager, Lørdag, Søndag
Arbeidstid
Dagtid, Kveld
Arbeidstidsordning
Vakt
Sist endret: 31. mai 2021
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 751db5f8-7199-42f2-9a89-ae9b36281b59
Stillingsnummer: 751db5f8-7199-42f2-9a89-ae9b36281b59