Spennande jobb som autorisert helsesekretær med arbeid mellom anna i Akuttmottak
Org. nr: - Stillingsident: 4331471800 Presentasjon av stillingen:
Dokumentasjonsavdelinga, Seksjon for medisinsk dokumentasjon har ledig ein fast stilling og to vikariat som autorisert helsesekretær i 100% stilling. Vikariata er for 1 år med mogleg forlenging. Skriv gjerne i søknaden om du søker både fast og vikariatstillingane. Arbeidssted er i Mottaksklinikken i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.
Dokumentasjonsavdelinga har mellom anna ansvar for det meste av føretakets medisinskfaglege dokumentasjon og har overordna ansvar for føretakets arkiv og arkivsystem. Dokumentasjonsavdelinga er ei spennande, kreativ, aktiv og dynamisk arbeidsplass.
Seksjon for medisinsk dokumentasjon har ansvar for skrive- og skannetenesta i pasientjournalsystemet DIPS samt merkantile-/helsesekretæroppgåver i Mottaksklinikken, herunder Akuttmottak, Utgreiingsmottak og Korttidsposten.
Dei merkantile tenestene i Mottaksklinikken har døgnope og ein arbeider i tredelt turnus, dette inkluderer kveld, natt og helg. Vi arbeider i snitt kvar tredje helg og rullerer på arbeidsoppgåvene. Vi arbeider i tverrfagleg team med mellom anna legar og sjukepleiarar. Helsesekretæren er ofte den første ein møter i avdelinga og gjer jobben vår svært viktig.
Vi søkjer deg som er ein lagspelar, som trivast i eit aktivt og travelt miljø, likar at det er endringar, og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss.
Oppstart frå snarast. Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Vi ivaretar merkantile funksjonar mellom anna ved å registrere øyeblikkelig hjelp (ØH) pasientane i pasientjournalsystemet DIPS, handtering av telefonhenvendingar, skanneoppgåver og andre administrative oppgåver
- Vi bemannar resepsjonen i Akuttmottak og ivaretar postsekretærfunksjonar på Korttidsposten samt Utgreiingsmottaket (UMO1 og UMO2)
- Vi tar blodprøvar og andre vitale parametre av pasientar i Akuttmottak
- Sekretariatet er med i avdelinga si beredskap ved større ulykker
- Helsesekretær inngår i oppgåvedeling i teamet og må pårekne rullering av oppgåver
Kvalifikasjonar
- Den som vert tilsett må ha norsk autorisasjon som helsesekretær
- Det er stor fordel med erfaring frå direkte pasientretta arbeid som til døme blodprøvetaking
- Det er krav om svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode engelskkunnskapar er og ein føresetnad.
- God IKT-kompetanse er ein føresetnad, og kunnskap/erfaring med Dips er ein fordel
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Utdanningsretning
- Helsesekretær
Utdanningsnivå
- Fagskule/fagbrev
Personlege eigenskapar
- Den som blir tilsett er ein lagspelar, som arbeider like godt sjølvstendig som i team
- Du tilpasser deg lett, og er løysningsorientert og fleksibel
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp.
- Du har god stressmeistring, og gode kommunikasjonsevner.
- Godt humør og positiv holdning, og bidrar til et fagleg og godt arbeidsmiljø.
- Du er punktleg og påliteleg.
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
Language
- Engelsk
- Norsk
Vi tilbyr
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, og særs godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Opplæring v/fadder
- Høgt fagleg nivå
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid
- Oppgåvedeling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Jeanette Rasmussen, Seksjonsleiar, 97046511, jeanette.rasmussen@helse-bergen.no
Nina Ivarsflaten, Teamleiar, 93629725, nina.ivarsflaten@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4331471800
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 31.01.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.