Privat avlastar
Org. nr: - Stillingsident: 4447953938 Presentasjon av stillingen:
Avlasting er tilbod til familiar med særlig tyngjande omsorgsarbeid for personar med nedsett funksjonsevne.
Me søkjer etter ein ansvarsfull person (gjerne med eigen familie) som kan tenkje seg å vera avlastar for ei positiv, aktiv og sjarmerande ung jente med Down syndrom.
Dersom du er glad i å vera saman med born og unge, kan dette kanskje passa for deg.
Arbeidsoppgåver
- Oppdraget følgjer vedtak og gjelder avlasting ei helg i månaden: fredag etter skuletid til søndag ettermiddag (48 timar pr helg)
- Har fokus på lystbetonte aktivitetar, som symjing, leik og aktivitetar ute i naturen
- Det er også ynskjeleg at det er rom for avslapping og ro
- Det vert lagt vekt på trygge og stabile rutinar, der hjelp og tilrettelegging ved gjeremål i kvardagen er viktig
- Me forsøkjer i så stor grad som mogeleg å matche avlastar og familien ut frå felles interesser og behov
- Ordninga er basert på dialog og samarbeid mellom avlastar og føresette
- Det føreligg ikkje allergiar eller andre helse utfordringar som krev at du har ferdigheiter innan avansert helsehjelp
- Avlastinga skjer i avlastar sin heim
Kvalifikasjonar
- Det er inga formell krav til fagutdanning, men det er ynskjeleg med kjennskap til miljøterapeutisk arbeid
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt
- Du må ha førarkort klasse B, og kunne disponere eigen bil
- Du snakkar godt norsk
Personlege eigenskapar
- Me søkjer deg som er trygg og påliteleg som vaksenperson
- Du kan setje grenser, samtidig som du er audmjuk og raus
- Du har interesse for å jobba med menneske med ulike utfordringar
- Du er nøyaktig, ansvarsfull, sjølvstendig, pliktoppfyllande, aktiv og kreativ
- Om du har dyr er dette inga hinder
- I søknaden må du skrive litt om deg sjølv
- Krav om godkjent politiattest
- Du må være over 18 år
Vi tilbyr
- Oppfølging og rettleiing
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk, særavtale SGS 1030
- God pensjonsordning gjennom KLP -- frå løna blir det trekt 2 %
Kontaktinformasjon
Nina Sleen, Fagleg rettleiar fagteam Habilitering, 53748298, nina.hovland.sleen@sveio.kommune.no
Evy Vihovde Kjellevold, Einingsleiar Habilitering, 53748192, evy.v.kjellevold@sveio.kommune.no
Arbeidsstad
5550
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4447953938
Stillingsprosent: 31%
Fast
Startdato: 01.02.2022
Søknadsfrist: 10.12.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.