Lærar
Stillingsannonsen er inaktiv.Tokke kommune
Tokke kommune
Søknadsfrist: 20 november 2020 Tokke kommune har ledig eit vikariat på inntil 80% som lærar ved Tokke skule, frå 01.01.21 til 31.07.21, ID 679
Den som blir tilsett må pårekne å bli kontaktlærar i 1. -- 7. klasse
Tokke skule har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike faglege og pedagogiske innfallsvinklar.
Skulen er opptekne av å vera ein inkluderande skule for alle, og ha eit godt skulemiljø med mange aktivitetar for elevane.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.
Tokke skule:
1-10 skule med 185 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale.
På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings -- og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.
Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1 til 7. klasse.
Tokke skule Åmdals-Verk
1-4 skule med 7 elevar og 1,6 årsverk.
Desse to skulane har felles rektor/administrasjon.
++Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:++
Den som blir tilsett må ha undervisningskompetanse i eit av trinna frå 1. -- 7. klasse.
Oppmodar søkjerar med anna fagutdanning til også å søkje !
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Tone Lunde Skaalen,
e-post: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no eller mob.: 97 17 14 06
Vi tilbyr:
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
- Ein spanande og variert skulekvardag saman med flotte elevar og vaksne
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Velkomen som søkjar!
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Tokke kommune
Adresse
Storvegen 60, 3880 Dalen
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 1. desember 2020
Hentet fra: Kommuner.i.Telemark
Referanse: /laerar.6342742-489519.html
Stillingsnummer: 748df4f0-6f3d-4a7b-a711-53d077e4e182