Miljøterapeut
Stillingsannonsen er inaktiv.Austevoll kommune
Eidsbøen, 5392 Storebø
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Helse og omsorg er ei eining med om lag 50 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Austevoll kommune har ledig 2 stk. faste stillingar som miljøterapeut med arbeidsstad f.t. Eidsbøen bufellesskap.
Arbeidsstad
Eidsbøen bufellesskap har 28 tilsette fordelt på 23 årsverk. Målet vårt er at kvar brukar skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv. Vi er opptatt av god kompetanse og brukarmedverknad. Vi har eit godt arbeidsmiljø og tenesta er i utvikling for å møte framtidas utfordringar og oppgåver.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand og rettleiing til tenestemottakarane.
- Sørga for at tenestemottakarane får tenester med fagleg forsvarleg innhald etter vedtak.
- Ansvar for å utarbeide og halde vedlike tiltaksplaner og dokumentasjon i fagsystemet
- Koordinere tenester ovanfor tenestemottakarar og bidra til godt samarbeid med tenestemottakarar, pårørende, spesialisthelsetjenesten og andre aktuelle instanser.
- Delta i tverrfaglege samarbeidsfora
- Rettleiingsoppgåver mot pårørande, kollegaer, studentar, elevar og lærlingar
- Målretta miljøarbeid og burettleiing
- Medisinadministrasjon
- Oppfølging og samarbeid med pårørande og andre instanser
Kvalifikasjonar
- 3-årig vernpleieutdanning - vernepleiarstudenter som kan kombinere delar av stillinga med studiet er velkomen til å søkja. Sjukepleiarar kan bli vurdert.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Relevant erfaring frå arbeidsfeletet er ønskeleg
- Førarkort for personbil
- Gyldig politiattest
Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er målretta, fleksibel, sjølvstendig og evner å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar. Vidare må du ha:
- evne til å lytte og gje konstruktiv rettleiing
- gode evner til samarbeid
- respekt for andre og høg integritet
- stor arbeidskapasitet
- engasjement for arbeidsfeltet
- gode datakunnskaper innan Visma og Profil pasientjournalsystem
- gode samarbeidsevner, men som og kan jobbe sjølvstendig
- løysingsorientert og ansvarsbevisst, og har evnen til å jobba målretta
- du medvirkter til eit ope og positivt arbeidsmiljø, har stå på vilje og humor
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Linn-Beathe Suphammer, Mobil +47 98232951
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Adresse
Eidsbøen, 5392 Storebø
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
Om stillingen
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 9. juni 2020
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2515585dep178513_Austevoll kommune_stepstone
Stillingsnummer: 7488482d-8426-42ad-9f73-b49ec99853b8