Ledig stilling
Vi har ledig mellombels stilling som montessoripedagog/pedagog og/eller fagarbeidar/assistent frå 1. august 2019 -- 31. juli 2020, med høve til forlenging:
Pedagog i gruppe 1 (1.- 3. klassesteg), 70 % - 100 % stilling
Fagarbeidar/assistent: 30 % - 80 % stilling
Det vil også kunne vere aktuelt å kombinere desse stillingane, dersom det er ynskjeleg / føremålstenleg
Vi ynskjer allmennlærar / fagarbeidar som:
-
har studert montessoripedagogikk eller har interesse for pedagogikken
-
har erfaring frå barneskule og gjerne fagkompetanse og/eller erfaring med
begynnaropplæring og spesialpedagogikk. -
har <<vi-kjensle>>, og vil vere med på å vidareutvikle skulen
-
er positiv, fleksibel og kreativ
-
kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
-
ynskjer å inspirere elevane til utforsking og læring
-
har god relasjonskompetanse
Send søknad med CV til oss pr. e-post eller brev innan 29. mars 2019.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til jobbintervju. Prøvetid 6 månader. Krav om politiattest ved tilsetjing.
For meir informasjon sjå heimesida vår: www.holmedalmontessoriskule.no
Montessoripedagogikk: ++www.montessorinorge.no++
Kontaktperson: Oddveig Lyngstad, rektor, 995 00883
e-post: post@holmsk.no
Holmedal montessoriskule
Dalsfjordvegen 3007 6982 Holmedal
Tlf: 57734253
Om bedriften
Holmedal Montessoriskule vart etablert i 2005 og hausten 2019 har vi 42 elevar, fordelt på 2 grupper frå 1. -- 7. klassesteg. Vi underviser elevane i aldersblanda grupper og nyttar læreplan for montessoriskulen, som byggjer på pedagogikk utvikla av Maria Montessori. Skulen ligg landleg og idyllisk til i Holmedal ved vakre Dalsfjorden, i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Vi har både fjord og fjell rett utanfor døra, og eit godt opparbeidd uteareal som vi stadig utviklar vidare