Dageleg leiar / Bunadstilverkar
Arbeidsstad er Valle, i hjarta av Setesdal, kjent for sine tradisjonar innaføre folkemusikk, bunadssaum og handverk. Setesdal Husflid er eit SA, etablert i 1966, lokalisert like ved Rv 9, hovudferdselsåra gjennom Setesdal.
Arbeidsoppgåver:
- Produskjon og sal av bunad
- Butikkdrift
- Økonomistyring og marknadsføring
- Bestillingar
- Utviklingsarbeid
Din bakgrunn:
Interesse for husflid og drakt, og eit sterkt engasjement for fagområdet. Kompetanse og erfaring for fagområdet. Kompetanse og erfaring innan handarbeid og saum. Gjerne erfaring frå butikk/serviceyrke. Forståing for økonomi og marknadsføring. Gode datakunnskapar.
Personlege eigenskapar:
Strukturert, utviklings- og resultatorientert, serviceinnstilt. Gode samarbeidsevner.
Om stillinga:
Setesdal Husflid er inne i ei omstillingsfase, og vi tilbyr ein variert og spennande arbeidsplass med mogelegheiter for fageleg utvikling. Med deg på laget har du medlemane og styret, som alle bidreg inn i drifta.
Lønn etter avtale
Spørsmål kan du rette til Setesdal Husflid tlf 915 75 925 (Styreleder)
Søknad sendes til post@setesdalhusflid.no
Søknadsfrist 05.12.2021
Om bedriften
Setesdal Husflid er eit SA lokalisert like ved Rv 9 og vart skipa i Valle mars 1966. I starten var det fyrst og fremst produksjon av genserar/ kufter, vottar og sokkar. Det var her den originale Setesdalsgenseren vart designa og produsert, så vil du originalen, må du handla hjå oss!
I 1993 flytta Husfliden inn i noverande bygg.