Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4187709792 Presentasjon av stillingen:
Ki rurgisk poliklinikk Volda har frå 01.05.20 ledig ei fast 100% stilling på dagtid for sjukepleiar.
Ved interne rokkeringar kan andre stillingar for sjukepleiar verte ledig.
Arbeidsoppgåver
- Den som vert tilsett skal arbeide på inntakskontoret for kirurgiske og ortopediske pasientar.
- Inntakskontoret er ein sentral arbeidsplass. Der vert logistikken på operasjon, sengepost og poliklinikk tatt hand om.
- Registering og oppfølging av henvisningar
- Oppfølging av ventelister
- Planlegging av program for operasjon og poliklinikk
- Interne merkantile rutiner
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter sjukepleiar
- Lang erfaring frå arbeid i sjukehus
- God fagleg innsikt og forståing
- Generell datakompetanse
Personlege eigenskapar
- Gode evne til samarbeid med alle yrkesgrupper
- Strukturert og systematisk
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Helse Møre og Romsdal er IA-bedrift
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskade- forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn iht. tariff.
Kontaktinformasjon
Bjørg Ø. Teige Henriksen, Seksjonsleiar, (+47) 700 58200, Bjorg.Teige.Henriksen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4187709792
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.02.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal