Rådgivar ved grunnskulelærarutdanningane - st. nr. 20/2020
Stillingsannonsen er inaktiv.Høgskulen i Volda
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Jobbnorge ID: 185273
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda er det ledig heil fast stilling som rådgjevar knytt til dei nye grunnskulelærarutdanningane frå 1.8.2020. Stillinga er ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Arbeidsoppgåver
Ved Høgskulen i Volda er vi i ferd med å utvikle og implementere dei nye femårige grunnskulelærarutdanningane på masternivå. Rådgjevarstillinga skal knytast til dette arbeidet. Den som blir tilsett skal gå inn eit team som har ansvar for drift, utvikling og implementering av desse utdanningane. Teamet vert leia av studieleiar for grunnskulelærarutdanningane. Rådgjevaren vil også samarbeide med dei ulike fagmiljøa som er involverte i utdanningane og med praksisfeltet.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med relevant høgare utdanning. Det er ønskjeleg med utdanning på masternivå, men dokumenterbar realkompetanse kan kompensere for delar av utdanningskravet. Vi vil gjerne at du har god kjennskap til grunnskulen og til lærarutdanning. Vi ønskjer ein person som er motivert for å gå inn i utviklingsarbeid, og som er fleksibel, løysingsorientert og utadvendt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: rådgivar 1434 frå kr 479 600 - 605 500.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonsnedsettelse, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under <<søknad>> hake av for <<Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven>> samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar
- CV
Søknadsfrist: 14. april 2020.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte dekan Arne Myklebust, tlf. 70075095 / 95166367.
Om Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning tilbyr grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning, praktisk pedagogisk utdanning, ulike fagutdanningar og mastergradstudium med spesialiseringar i matematikk, norsk eller spesialpedagogikk, samt eit omfattande vidareutdanningstilbod.
Kva er det beste med Volda?
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Adresse
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Hjemmeside
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 15. april 2020
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 185273_Høgskulen i Volda_jobbnorge
Stillingsnummer: 74319272-df6e-44e3-8a07-97b70e3a5bfd