Maskinpassar til hurtigbåt
GulenSkyss AS har ei ledig stilling som maskinpassar, for tida på MS Øyrosa som trafikkerer sambandet Hellesøy -- Hernar (Øygarden kommune). Båten er bemanna av skipper og lettmatros/maskinpassar.
GulenSkyss har ei ny fin leiligheit berre eit steinkast vekke frå kaia der MS Øyrosa ligg.
Då denne ruta har særs lite faktiske drifstimar, så kan denne stillinga passe godt for nokon som ynskjer seg ei deltidsstilling. Eller eventuelt nokon som studerar. Slik som me har gjort det fram til no så har me gått i ein 2:1 rotasjon, der me har 2 x 100% stillingar og 2 x 50% stillingar. Dersom ein ynskjer å jobbe 1 veke på og 2 veker av (50%), så er det i orden. Elles så vil me saman med aktuell kandidat og eksisterande mannskap finne fram til ein god turnusordning som er interessant for alle partar.
Kvalifikasjonar:
- Erfaring som maskinpassar
- Godkjent helseattest.
- Krise- og passasjerhandteringskurs.
- Tryggleikskurs
- Medisinsk behandling
- God ISM og IT kunnskap.
- Kvalifikasjonsbevis for hurtigbåt
Det er ein fordel om søkaren har erfaring frå liknande arbeid.
Det er også ein fordel med teknisk kompetanse. Det er berre 2 mannskap ombord på båten, så det er viktig at alle bidreg både på dekk og i maskin.
Vi ser etter deg som har:
God kommunikasjonsevne, er positiv, påliteleg, fleksibel, kvalitetsbevisst og har evne til å "stå på".
Stillingsprosent: Etter avtale.
Lønn: I samsvar med tariff/etter avtale (Fastlønsavtale)
Søknadsfrist: 6. mars 2020
Tiltreding: Etter avtale.
Om bedriften
GulenSkyss er eit familieigd reiarlag som hovudsakleg driv med passasjerbåtar (hurtigbåt og ferje). Selskapet var starta i 1971 og har 28 tilsette og ei årleg omsetning på vel 50 millionar.
For tida driv me fire rutesamband i Hordaland og Sogn og Fjordane på oppdrag frå fylkeskommunane. I tillegg til dette har me ein del charterkøyring i sommarhalvåret, samt sporadiske turar utover heile året. Me tilbyr også transporttenester til olje- og offshorenæringa, blant anna med mannskapsbyter, standbyfartøy, osv. Me har også ein ambulansebåtkontrakt i Sunnhordalandsbassenget.