Kokk/kjøkkenassistent ved Vangsheimen - 40 % fast stilling
Org. nr: 961382246 Stillingsident: 4439798669 Presentasjon av stillingen:
Vang kommune har ledig ei 40 % fast stilling som institusjonskokk ved Vangsheimen frå november 2021.
Stillinga har mest dagtid (pt tirsdagar og fredagar), noko helgearbeid må påreknast. Moglegheit for å arbeide ekstravakter.
Arbeidsoppgåver
Kjøkkenet på Vangsheimen har 4 tilsette og lagar mat til institusjon,dagsentre og heimebuande. Kjøkkenet har fokus på ernæring til eldre, og maten vert laga frå botnen av.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk/institusjonskokk er ynskjeleg. God realkompetanse kan vege opp for manglande utdanning, helst erfaring med matlaging for større grupper.
- Fordel med kjennskap til norsk tradisjonsmat og til kosthald
- Erfaring innanfor fagområdet
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Greie datakunnskapar
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein serviceinnstilt kokk, med godt humør, og som ynskjer å bidra til ein fagleg utvikling på kjøkkenet. Me ynskjer også at du er fleksibel, har ei interesse for ernæring for eldre, og er kjent med norsk tradisjonsmat.
Personlig eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
- Gode pensjons - og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Joanke Tito, Leiar Vangsheimen, 61369534 , joanke.tito@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5150
2975 Vang i Valdres
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vang Kommune
Referansenr.:4439798669
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 15.11.2021
Søknadsfrist: 31.10.2021
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.