Læreplassar 2020
Org. nr: 961 382 068 Stillingsident: 4216595232 Presentasjon av stillingen:
Øystre Slidre kommune har ledig fylgjande læreplassar frå hausten 2020:
- Barne- og ungdomsarbeidar -- 1 plass
- Helsefagarbeidar -- 3 plassar
Kommunen har lang erfaring med lærlingar, og har dyktige leiarar og veiledarar. Øystre Slidre kommune er tilknytta Valdres opplæringskontor.
Søkjarar til læreplass må sende søknad med attestar og vitnemål frå Vg1 og Vg2, samt referansar. Gje ein kort beskriving av kven du er, og grunngje gjerne kvifor du ynskjer læreplass i vår kommune. Hugs å ta med adresse, e-postadresse og mobilnummer i søknaden.
Kvalifikasjonar
Elevar som har bestått Vg1 og Vg2 innanfor dei aktuelle fagområda kan søkje.
Vi tilbyr
Lærlingen blir mellombels tilsett for to år. Tilsetjing skjer elles på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Andre opplysningar:
Det er krav om politiattest ved tilsetjing.
Kontaktinformasjon
Synnøve Rogne, Personalkonsulent, 99628322, synnove.rogne@oystre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Øystre Slidre kommune
Referansenr.:4216595232
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 14.04.2020
Om bedriften
Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen ? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?
Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen , men også i resten av kommunen.
Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange spanande arbeidsplassar. Kommunen har full barnehagedekning, god skule og eit aktivt og variert kulturliv. Nytt helsetun vil stå ferdig i 2020. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.