Ledige fleire faste helgestillingar for helsfagarbeiderar/pleiemedarbeidar , Kaptein/Klokkarstova
Stillingsannonsen er inaktiv.Volda kommune, Institusjonsteneste
Barstadmarka 2, 6100 Volda
Org. nr: - Stillingsident: 4315494122 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter offentlig godkjend helsefagarbeider / pleiemedarbeider med variert praksis, gjerne både frå institusjon og heimeteneste. Vi treng inspirerte, glade og positive nye medarbeiderar som ynskjer seg utfordringer ! Kjenner du deg att i dette, ser vi fram til å få deg som vår medarbeider.
Vi har no ledig fleire faste helgestillingar , frå d.d . Arbeidsstaden er for tida i 3.etg på Volda Omsorgssenter, seksjon Kaptein /Klokkarstova , dette er ein seksjon med både langtidsplassar og korttidsplassar. Seksjonen kan ha totalt 21 pasientar fordelt på 2 grupper, desse 2 gruppene har eit tett samarbeid i det daglege.
Helgastillingane kan ha både 3 kvar og 2 kvar helg. Skriv i søknaden kva du ynskjer av stillings % og helgefrekvens .
Arbeidsoppgåver
Ansvar for at pasientane får naudsynt stell og pleie
Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar.
Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø.
Bidra til å kvalitetssikre tenestene.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som helsefagarbeider
Oppgi HPR -nr i søknaden
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg( Norsktest nivå B2)
Det skal framleggast politiattest før oppstart i stillinga
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.
Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica
Personlege eigenskapar
Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
Du er ansvarsbevisst, løysningsfokusert,fleksibel og likar utfordringar.
Du må like å jobbe i relasjon med menneske og opptatt av aktiv omsorg
Du kan motivere og skape tillit både med brukarar, pårørande og andre tilsette.
Du har fokus på fag og fagutvikling. Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Lønn og arbeidsvilkår etter avtale.
Gode forsikrings og -- pensjonsordningar
Fokus på relevant kompetanseutvikling, høve til vidareutdanning, E-læringkurs frå NHI
Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag! .
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Søkjar må oppgi referansar.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann.solvi.heltne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4315494122
Stillingsprosent: 13%
Fast
Startdato: 01.12.2020
Søknadsfrist: 10.12.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Adresse
Barstadmarka 4, 6102 Volda
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Om stillingen
Antall stillinger
12
Oppstart
1. desember 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 10. desember 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4315494122_Volda kommune, Institusjonsteneste_webcruiter
Stillingsnummer: 73b2c301-8caf-49a8-982f-a2e30e348b82