Einingsleiar
Jobbnorge ID: 182621
Om stillinga
Som einingsleiar for Skjoldvegen barnevernsenter blir oppdraget ditt å hjelpe ungdom med stort behov for omsorg og oppfølging. Med deg får du motiverte tilsette og ei leiargruppe med tre avdelingsleiarar. Hovudoppgåva di blir fagleg utvikling, kompetanseheving og kvalitetssikring av det daglege arbeidet med 14 ungdommar på dei tre institusjonsavdelingane våre. Du må også vere ein pådrivar og motivator i den pågåande implementerainga av omsorgs- og endringsmodellen. Einingsleiar har kontor ved avdeling Skjold.
For å meistre denne krevjande jobben vert det kravd minimum treårig høgskuleutdanning innan barnevern/sosialfag, eller anna relevant utdanning på tilsvarende nivå. Du må ha leiarerfaring, og arbeidserfaring frå barnevernsinstitusjon. Personlege eigenskaper, blant anna evne og vilje til å gjennomføre endring saman med dine medarbeidarar, vil bli tillagt avgjerende betydning.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode mogeligheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.
Arbeidsoppgåver/ansvarsområder
- Som leiar er du fagleg, administrativt og økonomisk ansvarleg, og har personalansvar
- Du har ansvar for fagleg drift, herunder fagutvikling, kompetanseheving/opplæring for personalet
- Du skal kvalitetssikre det faglege arbeidet, sørgje for god internkontroll på alle driftsområde, budsjett, rekneskap/økonomi og HMS
- Du vil ha ansvar for å oppretthalde og utvikle godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Kva for ein bakgrunn har du?
Du må ha:
- minimum tre års utdanning frå høgskule/universitet, til dømes gjennomført bachelor-grad eller 180 studiepoeng innan barnevern/sosialfag
- minimum 15 studiepoeng innan leiiing og administrasjon. Det kan avtalast at påkravd tilleggsutdanning vert teke i løpet av første tenesteår i leiarstillinga
- erfaring frå arbeid med ungdom i institusjon og leiarerfaring, gjerne med erfaring frå endringsprosessar
Vi ønskjer at du har:
- interesse for kunnskapsbaserte tilnærmingar innanfor fagfeltet ungdom med samansette og særskilte omsorgsbehov. Kjennskap til utviklings- og behandlingsmetodar for målgruppa er ønskjeleg
- kunnskap om dialektisk atferdsteapi (DBT)
- generell metodisk og praktisk kunnskap om personalleiing og evne til å leie, motivere og utvikle egne medarbeidarar
Kven ser vi etter?
- du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å motivere dine medarbeidarar
- du har gjennomføringskraft
- du er tydeleg og trygg i leiarrolla, fleksibel med stor arbeidskapasitet
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Dette kan vi tilby
- stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1493 leiar, med løn p.t. kr 627 700 til kr 765 100 pr. år (ltr 69 - 78). Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Løn kan vurderast ved særlig kvalifiserte søkarar
- deltaking på Bufetat sin leiarskule
- medlemskap i Statens pensjonskasse, jf. lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Verdt å merke seg før du søkjer
Bufetat ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i befolkninga sine samla kompetansar. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss. Bufetat jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nytilsettingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CVen kan bli brukt til registreringsformål.
Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter.
Politiattest vert krevd ved oppstart, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) § 25.
Desse kan du kontakte for meir informasjon
Avdelingsdirektør Idar Krumsvik i region vest: tlf. 46618981
Stabsdirektør Sigrid Hellelland i region vest: tlf. 46618947
Søknad skal med CV sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varighet skal takast med ved eit eventuelt intervju.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Skjoldvegen barnevernsenter er eit omsorgstiltak i Bergen for barn og unge i alderen 13-18 år . Vi tek i mot plasseringar etter Lov om barneverntenester § 4-4,6. ledd og § 4-12. Skjoldvegen barnevernsenter skal gjennom traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har tre avdelingar på Fyllingsdalen, Søfteland og Skjold med til saman 14 plassar. To av avdelingane er med i utprøving av omsorgs - og endringsmodellen. Det er ein modell som vert drive etter prinsipp frå DBT - dialektisk åtferdsterapi. Skjoldvegen er med OEM heilt i front nasjonalt på implementering av ny kunnskapsbasert fagmodell.
Nettside: https://www.bufdir.no/Barnevernsinstitusjoner/skjoldvegen_barnevernsenter/