Miljøarbeidar ved Dagsenter for eldre på Alvehaugen
Org. nr: - Stillingsident: 4439204925 Presentasjon av stillingen:
Vi søker dyktig medarbeidar til vårt dagaktivitetssenter for eldre. Dagaktivitetssenteret ligg ved Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter. Dagsenteret er eit tilbod for heimebuande eldre, personar med nedsett funksjonsevne og personar med demens. Bebuarar på Alvehaugen får delta på fellesaktivitetar. Vi har plass til 15 brukarar pr. dag.
Arbeidsoppgåver
Vi ønsker å bidra til at eldre kan bu heime så lenge som mulig. Formålet med dagtilbodet er hjelp til mestring, sosial støtte, aktivisering, ernæring og økt livskvalitet, samt avlastning for dei pårørande.
Vi vil gi den enkelte deltakar meining i kvardagen og gode opplevingar, etter behov og interesse.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har fagbrev som aktivitør, autorisasjon som helsefagarbeidar eller er høgskuleutdanna i helsefag . Det er fordel om du har spesiell interesse for arbeid med personar med demens og har erfaring frå demensomsorg.
Personlege eigenskapar
Du må bry deg om, vise omsorg og respekt for andre.
Du må vere fleksibel og positiv til endringar og nyutvikling, og vere engasjert og nytenkande.
Du må vere førebudd på at arbeidsdagen kan vere uforutsigbar.
Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Du bør vere kreativ og ha evne til å finne praktiske løysningar på utfordringar som oppstår.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
Gode arbeidsvilkår, pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Gunn Sætre, Einingsleiar 3, 98230617
Arbeidsstad
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter
6065 ULSTEINVIK
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse- og omsorgsetaten
Referansenr.:4439204925
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2021
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.