Vil du vere med å utvikle eit moderne opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø?
Norsk Natursenter søker engasjert naturvegleiar som skal skape auka interesse for opplevingssenteret.
Vi søker deg med naturfagleg kunnskap til selskapets formål. Du er dreven av eige engasjement, har stor gjennomføringsevne og er motivert til å skape og vidareføre besøkslyst til eit av dei mest moderne og spennande opplevingssentera i Noreg.
I denne viktige og spennande rolla kjem du blant anna til å jobbe med:
- Utvikle og gjennomføre formidlingsprogram retta mot senterets nasjonale og internasjonale gjestar
- Utvikle og gjennomføre formidlingsprogram retta mot barn og skuleklasser, universitet, lag og organisasjonar
- Senteret sin fagansvarleg for utvikling av utstillingar på senteret
- Formidle informasjon om norsk natur, klima og miljø, nasjonalparkar generelt og Hardangervidda nasjonalpark spesielt
- Utvikle samarbeid med Miljødirektoratet, Statsforvalter og lokale kommunar
- Prosjektvurdering og saksbehandling av søknadar
Vi ser etter deg som har:
- Relevant utdanning
- Stor interesse og kunnskap om norsk natur, klima og miljø
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vi trur du:
- Er ein igangsetjar med høg gjennomføringsevne
- Er strukturert og trivst med mange parallelle arbeidsoppgåver
- Er sjølvstendig, og evner å styre kvardagen
- Liker å tenke nytt, spennande og annleis
- Deler villig kompetanse med andre, lærer fort
- Speler godt på lag med andre og evner å kommunisere med forskjellege typar menneske og fagdisiplinar
- Vil skape engasjerande innhald
- Har eit kreativt, men strukturert sinn
- Erfaring med webpublisering og innhaldsproduksjon
- Er en dyktig formidlar, dreven av eige engasjement og er motivert for å bygge vidare opp Norsk Natursenter, eit moderne opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø
Vi tilbyr
- Fast heiltidsstilling
- Lønn og pensjon etter avtale
- Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver i eit kreativt og spennande arbeidsmiljø
- Fagleg fellesskap
- Stillinga er ein viktig del av leiinga i selskapet og rapporterer til direktør
- Hjelp med bustad i Eidfjord -- ein viktig del av reiselivsregionen Hardanger, Fjord-Norge
Om arbeidsgjevar:
https://norsknatursenter.no/promo
UTFORSK NOKO AV DET VAKRASTE NORSK NATUR HAR Å BY PÅ
NATUREN VERT ALDRI SÅ BEUNDRA SOM NÅR DEN VERT FORSTÅTT
Norsk Natursenter er eit spennande opplevingssenter med moderne design og nyskapande formidlingsteknologi. Senteret er lokalisert i Øvre Eidfjord langs den nasjonale turistvegen Rv7 nær Hardangerfjorden, Måbødalen og Vøringfossen ved foten av Hardangervidda.
Norsk Natursenter vart etablert i 1995 på grunn av stor etterspørsel frå den etablerte turistindustrien med nasjonale og internasjonale gjestar sitt ynskje om oppleving og kunnskap om norsk natur- og kulturhistorie utover det dei opplever i naturen med rundreiser i Noreg.
Norsk Natursenter er eit autorisert besøkssenter for Hardangervidda nasjonalpark der ein finn informasjon om Noregs nasjonalparkar generelt og Hardangervidda nasjonalpark spesielt.
Norsk Natursenter er ei oppleving utanom det vanlege og har utvikla og forsterka sin posisjon som det mest besøkte opplevingsproduktet i Hardanger med gjestetal 63 000 i 2019 -- eit kvalitetsprodukt både for enkeltreisande og grupper. Våre gjestar er reisande og turistar frå heile verda.
Hardangerviddahallen restaurant er ein integrert del til senteret - eit bygg med ein spesiell arkitektur av tre og stein. I vår moderne restaurant kan 200 gjestar oppleva norsk matkultur kombinert med det moderne kjøkken.
Om bedriften
Norsk Natursenter er eit spennande opplevingssenter med moderne design og nyskapande formidlingsteknologi. Senteret er lokalisert i Øvre Eidfjord langs den nasjonale turistvegen Rv7 nær Hardangerfjorden, Måbødalen og Vøringfossen ved foten av Hardangervidda.