Miljøterapeut
Org. nr: - Stillingsident: 4242458039 Presentasjon av stillingen:
Vi søker medarbeidarar med kompetanse på tenesteutøving for born med komplekse bistandsbehov, knytt til utviklingshemming, autisme, ulike former for psykiske lidingar og atferdsproblematikk.
Det vil bli gitt grundig opplæring i handtering av ulike situasjonar som kan oppstå.
Bu --og avlastingstenestene er ein attraktiv arbeidsplass som pregast av trivsel og ansvarsbevisste medarbeidarar. Vårt gode samarbeid med habiliteringstenesta gir et godt faglig utbytte til dei tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid og oppfølging av brukar i høve til vedtak
- Prosedyrearbeid og koordinerande oppgåver
- Kontakt med foreldre og ulike samarbeidspartnarar
- Rettleiing av tilsette
- Ansvarsvakt
- Legemiddelhandtering
- Arbeid i gruppe med arbeidsoppgåver innan helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
Kvalifikasjonar
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftlig og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Det er ønskeleg med førarkort kl. B
- Gyldig politiattest må synas ved tilsetjing
- Høgskule / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Å vere personleg eigna blir vektlagt, og engasjement for brukergruppa er eit krav
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, så vel som i team
- Å vere open, engasjert og lojal verdsettast
- Du må ha ein løysningsorientert tilnærming til arbeidets utfordringar
- Godt humør
Vi tilbyr
- Eit utfordrande, motivert og nyskapande fag- og arbeidsmiljø
- Ein flat struktur som oppfordrar til innspel og diskusjonar
- Moglegheiter for faglig og personleg utvikling
- Moglegheiter for kurs, etter-/vidareutdanning
- God oppfølging og rettleiing
- Lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Liv Slinning, Avdelingsleder, 40905140
Jon Anders Nordhaug, Verksemdsleiar, 91513351
Arbeidsstad
Myrlandsvegen 52 B
6020 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4242458039
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 14.06.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.