Luster kommune søkjer trainee: sjukepleiar
Som trainee i Luster vil du få varierte oppgåver i kommunen si omsorgsteneste som har tre veldrivne omsorgssenter lokalisert til Luster, Gaupne og Hafslo.
Om tenestetilbodet Tenestetilbodet er godt og dekker alle område- og nivå i den kommunale omsorgstrappa. Det vert arbeidd aktivt med fag- og tenesteutvikling i høve tidleg innsats, aktiv omsorg, habilitering og rehabilitering, samt innan viktige fagområde som demens-, kreft- og palliativ omsorg -- og psykisk helseteneste. Kommunen har eiga korttidsavdeling med øyeblikkeleg hjelp døgntilbod (ØHD) og gode tenester til bebuarar på langtidsplass. Det vert også arbeidd med å få til ein avtale om hospitering i aktuelle avdelingar i sjukehus.
Korleis vil du jobbe?
Du vil få moglegheit til å arbeide i gode fagmiljø ved alle tre omsorgssentra. Det er i utgangspunktet tenkt ei 100% stilling fordelt med 80% i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, og 20% til utviklingsarbeid. Men dette kan i noko grad tilpassast dine ynskje. Det kan også leggast til rette for langvakter på helg med arbeid kvar fjerde helg.
Me søkjer deg som er
- Engasjert, løysingsorientert og fleksibel sjukepleiar med gode samarbeidsevner
- Du må ha førarkort klasse B
Me tilbyr
- Varierte arbeidsdagar med mykje læring og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, løn i tråd med gjeldande avtaleverk
- Hjelp med å skaffe bustad
Om du søkjer meiningsfulle arbeidsoppgåver og spanande utfordringar i ein kommune med vakker natur, levende bygder og gode tenester -- er Luster staden for deg
Om bedriften
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har om lag 5.200 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv.
Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter.
Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal.