Jurist - rådgiver
Justis- og beredskapsavdelinga har eit ledig vikariat som;
Jurist – rådgivar
Sentrale oppgåver for denne stillinga vil vere juridisk saksbehandling på verjemålsområdet.
Nærare opplysningar:
• Direktør Helge Mogstad, tlf 926 42 280,
e-post: fmmrhemo@fylkesmannen.no
• Ass.direktør Ann Lilly Inderhaug Orvik, tlf 959 21 410,
e-post: fmmranov@fylkesmannen.no
Søknadsfrist: 10. mars 2019.
Du må søke elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til JobbNorge.
Link til denne ligg på vår heimeside og på NAV sine sider.
Vi ber om at attestar og vitnemål følgjer søknaden i PDF format.
Stillinga har stillingsnr 1902.
www.fylkesmannen.no/mr
Om bedriften
Fylkesmannen er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.
Fylkesmannen utfører ulike forvaltningsoppgåver på vegne av departementa. Fylkesmannen kontrollerer også verksemda i kommunane og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Fylkesmannen har derfor fagkunnskap på ei rekkje overordna samfunnsområde, samtidig som vi sit på viktig lokalkunnskap.
Fylkesmannen skal dessutan sørgje for rettstryggleiken for enkeltinnbyggjarar, verksemder og organisasjonar ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, likeverd, føreseielegheit, handlefridom, habilitet og rettferd blir sikra i forvaltninga.
- Fylkesmannen er sektorstyresmakt på ei rekkje viktige politikkområde. Som sektorstyresmakt representerer Fylkesmannen fleire departement og underliggjande direktorat og sentrale tilsyn.
- Fylkesmannen er rettstryggleiksstyresmakt som klageinstans for kommunale vedtak og som tilsynsstyresmakt på sentrale velferdsområde som kommunane forvaltar.
- Fylkesmannen er regional samordningsstyresmakt for staten. Fylkesmannen skal blant anna samordne statlege verksemder og arbeidet deira mot kommunane.
- Som regjeringa sin representant i fylket skal Fylkesmannen arbeide på vegner av og ta initiativ som er til beste for fylket.
- Fylkesmannen skal halde sentrale styresmakter orienterte om viktige spørsmål i fylket og formidle relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ.
Fylkesmannen har òg oppgåver for Kongehuset. Fylkesmannen er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Fylkesmannsinstruksen har meir om oppgåvene til embetet.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 148 tilsette (pr. desember 2015) og er lokalisert på Fylkeshuset i Molde. Fylkesmannsembetet er organisert i fem fagavdelingar og ein stabseining, som er Administrasjonsstaben. Dei fem fagavdelingane er:
- justis- og beredskapsavdelinga
- helse- og sosialavdelinga
- landbruksavdelinga
- miljøvernavdelinga
- oppvekst- og utdanningsavdelinga