Ledige stillingar i miljøarbeidartenesta
Stillingsannonsen er inaktiv.Miljøarbeidartenesta, Gloppen kommune
6823 Sandane
Org. nr: - Stillingsident: 4086798649 Presentasjon av stillingen:
Miljøarbeidartenesta yter tenester til menneske med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar.
Nordåsen, Åsateigen, Åsavegen og Myklebusttunet yter tenester til vaksne bebuarar som bur i eigne bustadar med heildøgnsbemanning. Uteteamet bistår menneske som har behov for teneste i eigne bustadar i kommunen. Solsikka er ein avlastningsbustad for barn og unge 0-18 år.
Vi har følgjande stillingar ledige:
- 100% vikariat som psykiatrisk sjukepleiar/miljøterapeut med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, Uteteamet, ledig frå 20.08.19 til 20.08.20. 2 delt turnus inkluderar langvakterer og arbeid 4 kvar helg
- 80% fast, våken nattevaktstilling som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar, Solsikka, ledig frå 01.08.19. Arbeid (2.kvar og 4 kvar) helg på dag/kveld i avlastningsbustaden.
- Helsefagarbeidarar/ studentar/ assistentar, ledig frå snarast:
20% fast stilling på helg, langvakter, Myklebusttunet
2 X ca 25% fast stilling på helg, 4 kvar helg langvakter, Åsavegen
2 x 15% mellombels stilling på helg, 3. kvar helg, Solsikka
Tilkallingsvikarar
Arbeidsoppgåver
- Helse- og omsorgstenester til våre brukarar
- Direkte miljøterapeutisk arbeid
- Bistand i alle dagleglivet sine gjeremål
- Gjennomføring av faglege tiltak
- Journalføring og planarbeid
Kvalifikasjonar
- Formell kompetanse som beskreve over
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemming
- God IKT kunnskap
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa, og som kan arbeide sjølvstendig, har pågangsmot og er fleksibel.
- Du må vere serviceinnstilt og god til å samarbeide.
- Du har godt humør, pågangsmot, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar
- Du er pådrivar for å skape ei god teneste og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du må meistre utadgerande åtferd og handtere konfliktar på ein profesjonell måte
- Du er ein initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt
- Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
- Du er trygg og arbeider målretta
- Personleg egnetheit vektleggast i stor grad
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- At du får påverke og bidra aktivt i å skape ei fagleg utvikling innan det miljøtrapeutiske arbeidet
- Engasjerte og kvalifiserte kollegaer
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei pr å skape ei øvetid på seks månader
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Kontaktinformasjon
Siri-Merethe Solheim, Einingsleiar, 459 73 218
Arbeidsstad
6823
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Gloppen kommune
Referansenummer:4086798649
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 16.06.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Miljøarbeidartenesta, Gloppen kommune
Adresse
Åsavegen 141, 6823 Sandane
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sitt felles bu- og arbeidsmarknad på 40 ¿ 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og Gloppen vart i 2011 kåra til årets kulturkommune.
Om stillingen
Antall stillinger
7
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 17. juni 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4086798649_Miljøarbeidartenesta, Gloppen kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 731b0cec-9dc4-48cd-9d12-d71a33ba07b1