Inspektør - Solevåg skule - Solevåg skule
Org. nr: - Stillingsident: 4068183661 Presentasjon av stillinga:
Solevåg skule er ein av fire barneskular på Sula. Det har vore ei positiv utvikling i elevtalet i skulekrinsen og skulen har for tida 245 elevar fordelte på 14 klassar frå 1. til 7. trinn. Ny idrettshall og nytt skulebygg med plass til alle i småskulen stod ferdig hausten 2012 og våren 2018 vart eit nytt påbygg med fire klasserom klart. Skulen har 35 tilsette; 24 pedagogar og 10 assistentar.
Det er no ledig 100 % fast stilling som inspektør ved Solevåg skule.
Arbeidsoppgåver
- For tida inneber 60% av stillinga ansvar for dagleg drift og vikarbeid, oppfølging av digitalisering i skulen og bruk av læringsbrett, administrative oppgåver, pedagogisk leiing og medansvar for utviklingsarbeid i skulen.
- I stillinga inngår også 40% undervisning.
- Inspektør er stedfortredar for rektor i denne sitt fråver.
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning, formell undervisningskompetanse for grunnskulen og undervisningserfaring.
- Leiarutdanning for skuleverket er ønskjeleg.
- Leiarerfaring frå grunnskulen er ønskjeleg.
- God kommunikasjonsdugleik og erfaring frå arbeid i team.
- Gode IKT-kunnskapar.
- Kjennskap til lov og avtaleverk er ønskjeleg.
- Gyldig politiattest må framleggast.
Personlege Eigenskapar
- Du er ein leiar med god relasjonskompetanse, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Du er ein leiar som er opptatt av, engasjert og involvert i elevane sin kvardag.
- Du er ein leiar som er løysingsorientert, målretta og med ambisjonar for pedagogisk utviklingsarbeid og læringsmiljø i skulen.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
- Gode forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kristin Roald Bjørnøy, rektor, 70197820
Arbeidsstad
Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Sula kommune
Ref. nr.:4068183661
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 12.05.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4068183661&company_id=3062009201&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]