Avdelingsleiar for språk
Bryne vidaregåande skule
Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med over 2000 elevar og ca. 340 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, medium og kommunikasjon, restaurant- og matfag, service og samferdsel, studiespesialiserande, teknikk og industriell produksjon og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. Skulen har i tillegg fleire grupper innanfor spesialundervisning og språkopplæring for minoritetsspråklige elever.
Skulen ligg sentralt i Hetlandsgata i Bryne sentrum i eit miljø som er prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområder er vurderingspraksis og fagfornying, med fokus på djupnelæring og satsingsområda i ny Overordna del.
Avdelingsleiar for språk - fast
Grunna at vår avdelingsleiar har gått over i nye oppgåver, har Bryne vidaregåande skule ledig stilling som avdelingsleiar frå 1.desember 2019.
Stillinga inneber p.t. eit personalansvar for pedagogisk personale som underviser i engelsk, framandspråk og innføringskurs i norsk for språklege minoritetar (basisgrupper). Stillinga inneber og eit delansvar for nettskule. Avdelingsleiaren har og ansvar for elevane på Vg2 studiespesialiserande og dei minoritetsspråklege elevane i basisgruppene.
Me ynskjer:
- Ein utviklingsorientert leiar. Aktuelle søkjarar må kunne leie i samsvar med nasjonale og fylkeskommunale målsettingar.
- Ein leiar som er med på å ta eit heilskapleg ansvar for skuleutvikling.
- Skulen vil vektlegge samarbeidsevne og kommunikasjonsevne.
Krav:
- Søkjar må vere eigna for stillinga og ha pedagogisk utdanning med relevante fag, helst på masternivå.
- Leiarutdanning og/eller erfaring frå skule og god kjennskap til offentleg forvaltning.
- Vidare er det ønskeleg med god kompetanse innan IKT og kjennskap til skuleadministrative system.
- Godkjent politiattest.
Lønn og oppstart etter avtale.
Kontaktperson Ingunn Folgerø, mobil: 95240884
Søknadsfrist: 10.juni
Om bedriften
Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4000 ansatte. Vil du være med å utvikle Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
Sammen utvikler vi ett godt Rogaland!