Ergoterapeut
Kommunane Austheim og Fedje søkjer 50% ergoterapeut frå 01.05.2020.Det er ei nyoppretta stilling. Basen vert på fysioterapiavdelingane i Austrhein og Fedje.
Overordna vert kommunalsjef Monika Kvamme i Austrheim Kommune.
Arbeidsoppgåver
- Kartleggje og vurdere brukarane sitt funksjonsnivå, ressursar og moglegheit for aktivitet og deltaking i omgjevnadane.
- Iverksetje målretta tiltak, rettleie til eigentrening og eigenaktivitet og fylgje opp igangsatte tiltak i ein avgrensa periode
- I samarbeid trygge brukeren i eigen heim og sørgje for enkel tilrettelegging av bustaden
- Tverrfagleg samarbeid i teamet, i heimeteneste og på sjukeheimane våre og med anna aktuelle personell internt og eksternt
- Tilpassa hjelpemidlar
Medverke til kvardagsmestring/rehabilitering i heimetenestene gjennom:
- tett samarbeid i enkeltsaker
- undervisning, rettleiing og opplæring
- delta i fagutvikling og kvalitetssikring
- vera med i ulike grupper i kommunane Austrheim / Fedje
Krav til kompetanse
- norsk autorisasjon som ergoterapeut
- kompetanse/erfaring innanfor rehabilitering er ønskjeleg
- kunnskap om- og erfaring frå kommunehelsetenesta
- erfaring fra arbeid med menneske i ulike livsfasar og med ulike typar funksjonssvikt
Personlege eigenskaper
- Tenesta legg vekt på god etisk praksis, både i arbeid med brukarane og i samarbeid med kollegaer
- Fagleg dugleik og fleksibilitet i forhold til oppgåver
- Llike å arbeide i team, men også evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta ansvar for eigne vurderingar
- Har motivasjon og evne til å tileigne seg nye kunnskapar og ønsjke om å utvikle gode tjenester
- vant til å samarbeid med andre faggrupper
- Ansvarsmedviten
- Løysnings- og resultatmedviten
- Personlege eigenskapar vert lagt vekt på
Informasjon om stillinga
For nærare opplysningar ta kontkt med kommunalsjef Monika Kvamme på tlf. 918 65 391.
Vi kan tilby
Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP/SPK.
Søknad vert å senda
Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) er i ferd med å løfte seg etter ein periode med økonomiske utfordringar. Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn! Vi søkjer....