Trainee Master (Sivilingeniør) bygg
Bystøl søker trainee innan bygg- og miljøteknikk
Om stillinga
Vi søker etter ein sivilingeniør innan bygg-og miljøteknikk til vårt kontor i Vik i Sogn. Me kan tilby eit fleksibelt arbeidsmiljø med kort veg til sjefen og stor fridom til å styra eigen arbeidsdag.
Bystøl AS er eit rådgjevande ingeniørfirma innan bygge-og anleggsteknikk med 19 tilsette. Vi er eit uavhengig selskap eigd av dei tilsette med hovudkontor i Vik i Sogn. Hovudaktiviteten er detaljprosjektering av småkraftverk. Hovudvekta av oppdrag er på Vestlandet, men me arbeider også i land som Uganda, Nord-Makedonia og Indonesia. Bystøl AS har prosjektert over 75 kraftverk med samla årsproduksjon på over 1000 GWh og me har mange fleire på gang. Sjå meir på: www.bystol.no
Arbeidsoppgåver
Du kjem til å arbeida med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver innan vasskraft og byggebransjen.
Kvalifikasjonskrav
Vi søker etter ein master/sivilingeniør innan bygg-og miljøteknikk.
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
Om deg
Me er spesielt interesserte i deg som er god på vassdragsteknikk, konstruksjonsteknikk eller anleggsteknikk og likar å reisa litt.Vi legg vekt på at du skal arbeida med prosjekt du likar og kjenner eigarskap til, og at du arbeider i team. Då trivast du og yter betre.
Vi kan tilby
Me kan tilby ein kultur med opne dørar inn til alle kontor og me brukar bevisst tid på å hjelpa kollegaer og løysa problem og utfordringar i fellesskap. Me brukar ikkje mykje tid i Bystøl på å utarbeide fine websider og brosjyrar med visjonar, verdigrunnlag og elles strategiarbeid. Me tek oss heller ein tur eller to i året i lag, ser på prosjekt under bygging eller ferdigstilling eller besøkjer leverandørar i utlandet, et god mat og søv på spesielle hotell. At me gjer det me har lyst til og tykkjer er interessant speglar også prosjekta me arbeider med. Me ynskjer å vera ein fleksibel arbeidsplass som tek vare på kvar enkelt tilsett.
Som Framtidsfylket Trainee får du
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Område: Vik
Fagfelt: Bygg og anlegg
Kontaktperson
Jens Melheim
41 21 55 17
Søknadsfrist 15. mars
Tilsetting: August 2021 til august 2022.
Om bedriften
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter! Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting. Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt. Les meir på Framtidsfylket.no |