Kyrkjemusikar/organist i Time og Lye 50 % fast stilling frå 01.01.2020
Org. nr: 976 993 616 Stillingsident: 4079004041 Presentasjon av stillingen:
Vår gode organist dei siste 25 åra går ved årsskiftet av med pensjon. Vi får difor ledig 50% fast stilling som kyrkjemusikar/organist i Time sokn. Soknet har gudstenester kvar sundag, vekselvis i Time og Lye, og ekstra i høgtider. Du som får jobben vil ha ansvar for det musikalske arbeidet i soknet, og vil saman med stab og frivillige vere ei viktig brikke for å bygge kyrkjelydsarbeidet i Time og Lye. Sjølv om ditt hovudfokus vil vere det musikalske er ein viktig suksessfaktor at staben jobbar saman og bidrar på tvers av tenesteområde. Saman med stab og frivillige vil du få moglegheit til å peike retning for det musikalske arbeidet, med mål om at fleire vil finne sin plass i kyrkjelyden.
Arbeidet består mellom anna av:
- Speling på gudstenester, 3 av 4 sundagar i månaden
- Speling ved gravferder og vigslar
- Planlegging av gudstenester saman med gudstenesteutval
- Koordinering av det musikalske arbeidet i soknet
- Rekruttering og leiing av frivillige
- Eventuelt oppstart av band, kor eller liknande etter avtale
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Relevant musikalsk utdanning
- Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- Må kunne beherske orgel
- God på samarbeid, kommunikasjon og relasjon
- Sjølvgåande og ansvarsbevisst
- Strategisk og strukturert
- Evne til, og ønskje om, å lære seg nye ting
- Den som søkjer må vere medlem av Den norske kyrkja
Vi tilbyr:
- Lønn i tråd med KAs hovudtariffavtale
- Medlemsskap i KLP
- Særs triveleg stabsfellesskap på kyrkjekontoret
- Nåde for synder og fred uten like
Kontaktinformasjon
Gunnar Bjorland Stone, 962 32 582, gunnar.stone@timekyrkja.no
Arbeidsstad
Erlandsbakken 6
4340 Bryne
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Time kyrkjelege fellesråd
Referansenummer:4079004041
Stillingsprosent: 50%
Startdato: 01.01.2020
Søknadsfrist: 15.06.2019
Om bedriften
Den norske kyrkja i Time utgjer Bryne, Time og Undheim sokn. Det bur om lag 19.000 innbyggjarar i Time kommune. Felles kyrkjekontor er lagt til Bryne, som er skule- og handelssenter på Jæren. Staben ved Time kyrkjekontor utgjer ca. 20 stillingar