Er du sjukepleiar på jakt etter 100 % fast stilling og varierte arbeidsdagar?
Da er vi på leit etter deg!
Bemanningssenteret i Helse Fonna feira10-årsjubileum i 2021, og har dei siste åra blitt utvida betrakteleg. Du kan lese meir om oss her!
Bemanningssenteret fungerer som Helse Fonna sitt interne vikarbyrå, og skal dekkje opp dag-til-dag-fråvær på avdelingane. I nokre tilfeller kan ein også dekkje eit kortare eller lengre vikariat på ei avdeling, særskild dersom ein er nyutdanna eller om ein er ny på sjukehuset. Ein starter som regel med opplæring på eit par avdelingar før ein etter kvart byggjer videre med opplæring på to-tre avdelingar til.
Bemanningssenteret har no ledige stillingar ved Stord og Haugesund sjukehus i tredelt turnus. Vi søkjer deg som vil trivast med å arbeide ved fleire avdelingar i dei ulike klinikkane, og som liker variasjon. Du må være fleksibel og ikkje være redd for ei utfordring. Om du liker å lære nye ting og bidrar til å dele kunnskap med dine kollegaer, er du perfekt for vårt Bemanningssenter! Om annan stillingsstorleik er meir aktuelt for deg kan du skrive det i søknaden.
Hjå oss vil du få moglegheita til å få opplæring ved fleire ulike einingar, i dei ulike klinikkane. Kanskje har du lyst å forsøke deg på poliklinikk, eller kanskje du synes akuttmedisin virkar spannande? Her har vi fleire moglegheiter, og du vil få anledning til å finne ut kva du trivst best med. På denne måten kan du byggje brei kompetanse og få solid erfaring.
I Bemanningssenteret har me årsarbeidsplan. Me har fleksibilitetstillegg i Bemanningssenteret som p.t. er på 30 500 kr i året i 100 % stilling. Dette er for at ein skal kunne være fleksibel og kunne bytte inntil 8 vakter per 12-ukersperiode dersom det er behov for det. På denne måten kan Bemanningssenteret bidra til å hjelpe dei ulike einingane når dei får akutt behov for vikar. Me har også faste fagdagar i turnusen vår.
Høyres dette spannande ut? Ikkje nøl med å søkje, eller ta kontakt med oss dersom du har spørsmål!
Vi håper nettopp DU søkjer!
Arbeidsoppgåver
Pleie og stell av pasientar
Diverse undersøkingar
Administrative oppgåver
Samhandling med andre instansar
Tverrfagleg samarbeid
Studentansvar
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar
Beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
Gode IT-kunnskaper
Kjennskap til DIPS og Meona er ein fordel, men opplæring blir gitt
Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskjeleg, men opplæring blir gitt
Personlege eigenskapar
Fleksibel og god evne til samarbeid
Trivst med å arbeide på ulike avdelingar
Ansvarsbevisst og påliteleg
Positiv og utadvendt
Bidrar til godt arbeidsmiljø
Stor arbeidskapasitet
Opptatt av å halde seg fagleg oppdatert
Vi tilbyr
Fleksibel arbeidsplan
Fleksibilitetstillegg på kr. 30.500.- pr. år i full stilling
Varierte arbeidsdagar
Moglegheit for å byggje brei erfaring og kompetanse på tvers av avdelingar og klinikkar
Moglegheit til å bli kjent og byggje gode realsjonar til kollega på ulike avdelingar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Signe Elisabeth Hetland, Avdelingsleiar, 52732059, signe.elisabeth.hetland@helse-fonna.noBeate Sirnes Lyngstad, Funksjonsleiar, 99201883, beate.sirnes.lyngstad@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4515365351
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.