Prorektor- utdanning
Org. nr: 876246732 Stillingsident: 4404234568 Presentasjon av stillingen:
Fagskolen i Hordaland og Fagskulen i Sogn og Fjordane slår seg saman til den nye Fagskulen i Vestland frå
1.1.2022. Den nye fagskulen blir ein av dei største fagskulane i Noreg med studiestader over heile Vestland fylke, med
om lag 1300 studentar og 170 tilsette. Prosjektrektor for samanslåinga er tilsett frå og med 1.1.2021, og frå 1.1.2022 går prosjektrektor inn som rektor ved den nye fagskulen. Vi søkjer no prorektor for utdanning. Til stillinga ligg overordna ansvar for utdanningskvalitet og utvikling av nye utdanningstilbod. Prorektor for utdanning utgjer saman med rektor og prorektor for organisasjon og samhandling den strategiske leiinga ved fagskulen.
I rolla som prorektor for utdanning vil du leie arbeidet med å utvikle den nye fagskulen til ein viktig institusjon i
Vestland, som møter dei store nasjonale og regionale forventningane som er stilt. Fagskulesektoren er i
endring, og det er ambisjonar om å utvikle skulen vidare som høgare utdanningsinstitusjon. Samstundes ønskjer
skuleeigar å styrke skulens posisjon som den viktigaste leverandøren av etter- og vidareutdanning og
yrkesretta kompetanseheving for arbeidslivet i Vestland. Det er ei viktig målsetjing at den nye fagskulen
etter kvart skal kunne godkjenne eigne utdanningar innanfor prioriterte område.
Dette er eit eineståande høve til å kunne forme ein utdanningsinstitusjon med dyktige medarbeidarar og
eit viktig samfunnsoppdrag.
Arbeidsoppgåver
Leie pedagogisk utviklingsarbeid
Leie fagleg utviklingsarbeid
Initiere og halde ved like samarbeid med arbeidslivet
Eksamen (pedagogisk del)
Etter- og vidareutdanning
Fag- og timefordeling
Initiere og leie arbeid med kvalitet i utdanningane
Studentmedverknad
Personaloppfølging av utdanningsleiarar og pedagogisk utviklingsansvarleg.
Prorektor kan gå inn i staden for rektor i faglege saker etter behov. Når prorektor fungerer i staden for rektor, følgjer fullmaktene til rektor.
Kvalifikasjonar
Relevant leiarerfaring frå fagskule, vidaregåande skule, UH-sektoren eller næringslivet
God kjennskap til fagskulesystemet, krava til fagskulen og fagskulens plass i det overordna utdanningssystemet.
Utdanningsbakgrunn innan pedagogikk og gjerne organisasjonsutvikling.
Erfaring frå strategisk utviklingsarbeid og arbeid mot politisk nivå er ein fordel.
God kjennskap til arbeids- og næringslivet og kompetansebehova i arbeidsmarknaden.
Personlege eigenskapar
Prorektor må kunne opparbeide seg høg grad av legitimitet i organisasjonen
Prorektor må ha sterk strategisk og organisatorisk forståing, vere dyktig til å setje retning og kunne motivere og inspirere andre
Det er ein styrke om prorektor har eit godt nettverk nasjonalt og regionalt og har stor arbeidskapasitet.
Generelt om stillinga
Prorektor skal vere strategisk støttespelar for rektor
Prorektor skal kunne representere leiinga ved fagskulen i eksterne samanhengar
Prorektor vert støtta av administrasjonen i utøvinga av sine faglege funksjonar
Prorektor er fast medlem av leiargruppa og utfører elles dei arbeidsoppgåver som blir delegert frå rektor
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsstad: Bergen elller Førde
Kontaktinformasjon
Emil Gadolin, leiar prosjektstyret
Torbjørn Mjelstad, rektor , 97142081
Arbeidsstad
5420
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4404234568
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.07.2021
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.