Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Medisinsk sengepost NSH, Helse Førde
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. desember
- 80% stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar frå snarast
- 100% stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod og eit godt fritids- og kulturtilbod.
Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon.
Arbeidsoppgåver
- Mottak, overvaking og oppfølging av pasientar
- Tverrfagleg arbeid knytt til pasientoppfølging
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona
- 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter spesialsjukepleiar (intensiv/anestesi) eller sjukepleiar med ønskje om å ta vidareutdanning innanfor intensiv/anestesi
- Erfaring frå intensiv/intermediær overvakingsavdeling er ønskjeleg
- Det er ønskjeleg med relevant kunnskap innan medisinsk teknisk utstyr og IKT-system
- Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
- God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
- Fleksibel og engasjert
- Evne til systematisk arbeid
- Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande oppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ida Kristin Skålbones, Kst. einingsleiar, +47 977 02 704Arbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4888622001
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Søknadsfrist: 09.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Ida Kristin Skålbones
Kst. einingsleiar
+47 977 02 704
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2797025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
20a0e49f34a746b39c9ff8619fb112a0