Vikar som kokk.
AiR ynskjer søknad frå personar som er engasjerte, som kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre.
Du vil bli sett inn i vakter som del av ein turnus fordelt på dagtid, kveldstid og helger.
Aktuelle kandidatar må ha funksjonell kunnskap i norsk. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Senteret tilbyr eit triveleg og engasjerande miljø, tilsetting i tråd med tariffavtale og gode pensjonsordningar. Senteret kan hjelpe til med bustad.
Det kan vera aktuelt med opp til 100% tilsetting. Eit alternativ kan vera å dele dette opp i tråd med søkjararane sin kapasitet for tilsetjing. Det kan verte aktuelt med fast tilsetting. Ta kontakt for dialog.
Søknadar vert tekne imot fortløpande. Det er ynskeleg med rask tilsetting og opplæring.
Søknadsfrist: 17. januar 2022
For meir informasjon, ta kontakt med fung. kjøkensjef Pilvi L. Bjørnø, tlf 948 90 066. Sjå også heimesida vår https://www.rehabilitering.no
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast via https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. Kjøkenet ved AiR er nyleg heilrenovert og er eit allsidig institusjonskjøken med spanande arbeidsoppgåver inkludert tilrettelagte diettar.