Helsefagarbeider 75 % fast
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4365913040 Presentasjon av stillingen:
Heimetenesta har heimesjukepleie, praktisk bistand og dagtilbod under sitt ansvarsområde. Heimetenesta har base på sjukeheimen og server innbyggarane frå Tittelsnes i nord til Vikse i sør. Avdelinga har eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivs og føler deg trygg i avdelinga.
Vi har nå ledig 75 % fast stilling som helsefagarbeidar.
Arbeidsoppgåver
- Aktivt jobbe for at brukarane skal meistre å bu heime så lenge som mogleg
- Aktiv bruk av kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi som verktøy for at brukarane skal få ei trygg og god teneste
- Heimetenesta arbeider tverrfagleg med andre tenester/einingar i kommunen som tenestekontoret, psykisk helse, hjelpemiddel lager, fysio/ergo og sjukeheimen
- Bruk av Cosdoc som elektronisk journalsystem og multidosesystem i forhold til medisinering
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som Helsefagarbeidar
- Søkjarar med relevant kompetanse/erfaring vil bli vurdert
- Personlege eigenskapar
- Sertifikat kl. B
- Må ha godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar
Vi tilbyr
- Faste fagdagar
- Årsturnus over 52 veker med planlagt ferie, høytid og helgearbeid
- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Mariann H Aasland, Avdelingsleiar, 53 74 82 51
Hildegunn Lindaas, Einingsleiar Heimetenesta, 53 74 82 30
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4365913040
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.