Helsesjukepleiar
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Bykle er vertskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus. Det er fokus på innovasjon og utvikling i tenesta og eit nært samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta. Det er to helsesjukepleiarstillingar.
Denne stillinga har pt tenestestad i Bykle
Arbeidsoppgåver
- Helsestasjons- og skulehelseteneste
- Konsultasjoner, individuelt og i grupper, i samsvar med helsestasjonsprogrammet og nasjonale faglege retningslinjer for det helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skulehelsetenesta
- Delta i videreutviklingen av tenesta og i det tverrfaglege samarbeidde
- Psykisk helsearbeid for barn og unge 0 - 20 år
- Koordinere arbeid og gi støtte til born og familiar med samansette utfordringar
- Fremje ein kunnskapsbasert praksis
- Hygienetiltak, smittevern og vaksinering
- Sakshandsaming innan fagfeltet
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar med vidareutdanning innan helsefremjande og førebyggjande arbeid
- Røynsle frå liknande arbeid er ein fordel
- God digital kompetanse, t.d. IT-verktøy som InfoDoc, Office og sosiale media
- Erfaring med prosjektleiing og utviklingsarbeid vil vera ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til samarbeid og bidra til eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Fleksibel og oppteke av endrings- og forbetringsarbeid
- Evne til å arbeide systematisk og strukturert
- Gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Løn etter avtale
- Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
Krav om politiattest ved tilsetjing
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar
Kontaktinformasjon
Heinz Diehl, Tenesteleiar Helse, 41449988Arbeidsstad
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bykle kommuneReferansenr.:4521675414
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2022
Sluttdato: 15.08.2023
Søknadsfrist: 27.05.2022
Om bedriften
Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden.