Miljørettleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4387686419 Presentasjon av stillingen:
Ledig stilling som miljørettleiar
Det er ledig 70% midlertidig stilling som miljørettleiar ved Bjerkreim skule frå 01.08.2021- 31.07.2022
Arbeidsoppgåver
Arbeidet inneber å støtte og å ramme inn enkeltelevar slik at dei meistrar skulekvardagen sin, både i læringsarbeidet i timane og i det sosiale samspelet i timar og friminutt. Vi ønsker at du bidreg til å førebyggje konfliktar i elevmassen og har fokus på eit godt klasse,- og skulemiljø. Du kjem til å arbeide med elevar aleine, i grupper og i klasse. Det blir forventa at du bidreg med praktisk tilrettelegging av undervisninga. Du er ein del av eit team og ein forventer at du deltek på teammøter. Stillinga kan og innebera arbeid på SFO. Arbeidstida er i utganspunktet frå 07.45-ca 14.00 kvar dag, måndag og tirsdag til 15.00
Krav til kompetanse
Relevant høgskuleutdanning. Erfaring frå arbeid med barn i grunnskulealder med spesifikke utfordringar er ønskeleg. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Søkjarar med andre morsmål enn norsk må gjere greie for evna til skriftleg og munnleg framstilling. Det vil bli lagt vekt på språknivå i tilsettingsprosessen
Bjerkreim kommune tilbyr
- Positivt arbeidsmiljø
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vilkår
Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldane lovar, reglement og tariffavtaler.
Attester og vitnemål tas med til et evt. intervju
Politiattest
Politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga
Søknad sendes
Vi oppfordrar til å søke elektronisk via vårt rekruteringssystem, og det er viktig at du registrerer din kompetanse. Har du behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt vår serviceavdeling.
Bjerkreim kommune tlf.: 51 20 11 00
Vi gjer merksam på Hovudregelen i offentleglova er at søkjarane til ledige stillingar skal være offentlige jf. §25. Skulle du likevel ha eit ynskje om at din søknad skal unntkast offentlegheita må dette grunngjevast i søknaden.
Kontaktinformasjon
Karen M Ollestad, Rektor, 51 45 93 83
Arbeidsstad
Odlandsvegen 4
4387 Bjerkreim
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bjerkreim kommune
Referansenr.:4387686419
Stillingsprosent: 70%
Engasjement
Startdato: 01.08.2021
Sluttdato: 31.07.2022
Søknadsfrist: 20.05.2021
Om bedriften
Bjerkreim kommune er en del av region Dalane som ligger i den sørlige delen av Rogaland. Kommunen ligger tett ved E39, og det gjør det enkelt å komme frem. Vi er en liten kommune i folketall med om lag 2800 innbyggere, men blant de største i Rogaland når det kommer til areal.
Vi opplever at innbyggerne er stolte av, og glade i, kommunen sin. Det lokale engasjementet er stort, til det beste for kommunen. Bjerkreim kommune har en tett organisasjon, som gjør det enkelt å komme i kontakt med de ulike tjenesteområdene en skulle ha behov for. Vi har mye flott natur, ledige boligtomter, ledig næringsareal, veldig høy sysselsetting - og vi har rom for mer. I dette ønsker vi oss så vel nye, gode, kompetente medarbeidere, som nye innbyggere velkommen.
Bjerkreim skule ligg i flott og variert natur som gir eit godt utgangspunkt for ulike aktivitetar for små og store. Me har rundt 120 omsorgsfulle og engasjerte elevar og eit dyktig og samarbeidande personale. Skulen har fokus på klasseleiing samt elevane sin trivsel og læring. Dette er i tråd med skulen sin visjon “skulen der unge kloke menneske blir utvikla.”
Elevane på Bjerkreim skule har kvar sin Chromebook som bidreg til å auke skulen sin profesjonsfaglege digitalkompetanse i tråd med nye læreplanar.