Helsefagarbeidarar i Stordal
Stillingsannonsen er inaktiv.Fjord kommune
Simamarka 46, 6250 Stordal
Org. nr: 939396268 Stillingsident: 4193585007 Presentasjon av stillingen:
Fjord kommune har fleire ledige stillingar som Helsefagarbeidar og sjukepleiar. Fortrinnsvis ynskjer ein helsefagarbeidarar, men andre med relevant utdanning og/eller erfaring kan og søkje.
Stordalstunet med heimetenesta og sjukeheimen har følgjande stillingar ledig.
Heimetenesta:
- 1 stk. 31,5% fast stilling som helsefagarbeidar.
- 1 stk. 23,47% vikariat tom januar 2021.
- Dei to overordna stillingane kan kombinerast til ei 54,97% stilling
Sjukeheimen:
- 1 stk. - 14,08% fast stilling som helsefagarbeidar/assistent med arbeid kvar 3.helg .
- 1 stk. - 17,61% fast stilling som helsefagarbeidar med arbeid kvar 3. kvar.
- 1 stk. - 21,13% fast stilling som helsefagarbeidar med arbeid annan kvar helg.
- 1 stk. - 17,37% fast stilling som Sjukepleiar/helsefagarbeidar med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Utøve vanlege pleie-- og omsorgsoppgåver til kommunen sine pasientar/brukarar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Beherske godt norsk skriftleg og munnleg
- Vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevne
- Politiattest av ny dato blir krevd framlagt
- Personar som utdannar eller skal utdanne seg til Helsefagarbeidar oppfordrast til å søkje på stillinga.
- Personar utan relevant utdanning/erfaring kan og søkje
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Fagskule/Fagbrev (to år)
Personlege eigenskapar
- Forutan faglege kvalifikasjonar vert personlege eigenskapar vektlagt.
- Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
- Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Variert arbeid i positivt miljø
- God pensjonsordning med 2% medlemsinnskot i KLP
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Grete Kvammen Tøsse, Leiar pleie og omsorg, Stordal, 41867960
Arbeidsstad
Simamarka 46
6250 Stordal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Fjord kommune
Referansenr.:4193585007
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fjord kommune
Adresse
Olavsgata 10, 6210 Valldal
Fjord kommune er tidlegare Norddal og Stordal kommune som slo seg saman 01.01.2020. Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.
Om stillingen
Antall stillinger
8
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 2. mars 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4193585007_Fjord kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 7180ea93-c0d5-417a-b9a3-9f778c04f7ac