Vestlandets mest spennende sommerjobb
Org. nr: - Stillingsident: 4199034662 Presentasjon av stillingen:
VIL DU HA SOMMARJOBB PÅ SJUKEHUSAPOTEKET I STAVANGER?
Sjukehusapoteket i Stavanger leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Stavanger, og er eit av landets største apotek med omlag 60 tilsette. Sjukehusapoteket har fire avdelingar: Publikumsapotek, produksjonsavdeling, sjukehusekspedisjon og avdeling for farmasøytiske tenester.
Vi treng sommarvikarar frå juni til august 2020. I søknaden er det difor viktig at du informerer om perioden du kan arbeide.
Arbeidsoppgåver
- Vi treng vikarar i sjukehusekspedisjonen, produksjonsavdelinga og publikumsavdelinga
- Arbeidsoppgåvene er innan vareflyt, kundeservice, produksjon og sal
- Andre oppgåver kan og tilkomme i høve til kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar
- Vi oppmodar særlig farmasistudentar, elevar på apotekteknikarlinja eller studentar innan anna helsefag om å søke
- Du har god IKT kompetane og beherskar norsk munnleg og skriftleg
- Har du ekspedisjonsrett kan det vera ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, serviceinnstilt og ansvarsbevisst
- Du samarbeidar godt med andre, er nøyaktig og taklar høgt arbeidstempo
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg egna til stillinga
Vi tilbyr
- Sommarjobb i eit kompetent og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- Løn ihht avtale
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
Kontaktinformasjon
Ina Ottesen, Rådgjevar, (+47) 41283497
Tonje Folkvang, Sjukehusapotekar, (+47) 91144639
Arbeidsstad
Gerd-Ragna BlockThoresens gate 8
4011 Stavanger
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sjukehusapoteka Vest
Referansenr.:4199034662
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no