IT-konsulent
Gjennom fokus på fiskevelferd og kontinuerleg satsing på innovasjon og ny teknologi i alle ledd i produksjonsprosessen, har Seashore-konsernet gått i bresjen for å heva kvaliteten på norsk oppdrettslaks. Resultatet er lakseprodukt som er etterspurde over heile verda. Norges første merkevare for fersk fisk, SALMA, er blant produkta du finn i vår produktportefølgje. Konsernet har omlag 600 tilsette i Norge, Sverige, Frankrike og Kina. Vi har egne salgsselskap i konsernet som selger varer til hele verden.
Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.
Vi ser etter deg som er svolten på nye utfordringar, trivs i ein travel kvardag og vil bidra til framtidsretta løysingar hos eit av dei mest innovative selskapa i bransjen. Du likar å arbeida i eit sjølvstendig og sjølvgåande team, der medarbeidarane har stor grad av påverknad. For oss er det viktig at du brenn for fagområdet, og at du har fokus på tryggleik, kvalitet og utvikling.
Som IT-konsulent hos oss vil du vil få moglegheiter til å jobbe med eit breitt område i heile verdikjeda til Seashore konsernet. Du vil få reisa litt, vera ute på sjøen i båt og jobba med mange spennende prosjekt.
Du må forhalda deg til fleire IT-fagområde, men du vil få spissa deg mot nokre område.
Du vil få i stor grad kunne påvirke din eigen jobbkvardag.
Arbeidstad er Bømlo, men vi har også kontor på Tau, Vikebygd, Bergen, Oslo, Stockholm, Paris og Shanghai.
Vi er på jakt etter 2 personar, og vi vil tilpassa arbeidsoppgåvene etter kvalifikasjonar. Oppfordrar både deg med med mykje erfaring og deg med litt mindre erfaring om å søkje på stillingane.
Arbeidsoppgåver
- Drift av komplekse nettverk både på land og sjø. (lisensierte og ulisensierte trådløse linker, gyroer, NGFW, svitsjer, rutere, VPN og Wifi nettverk)
- Drift og vedlikehold av lokal IT-infrastruktur, basert på Windows og Linux Servere, Active directory, VMware
- Database administrasjon.
- Klient administrasjon.
- Brukerstøtte
- Drift av ulike applikasjoner.
- Microsoft 365 / Azure
- Utvikle mindre applikasjoner og integrasjoner
- Prosjekt oppfølging og prosjekt leiing.
Kvalifikasjonar
- fagbrev i IKT-servicefag eller anna relevant utdanning innan IT, relevant erfaring kan kompensere for
- formell utdanning
- førarkort klasse B
- Stillingane krev godkjent bakgrunnssjekk av luftfartstilsynet.
https://luftfartstilsynet.no/skjema/bakgrunnssjekk/bakgrunnssjekk/
For den eine stillinga kreves:
- Har høgare utdanning innan IT. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
- Minimum tre år relevant erfaring innanfor eit eller fleire av områda:
- Nettverksadministrator,
- Systemadministrator,
- Databaseadministrator, og/eller Systemutvikler.
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjonsevner og evne til å oppnå gode resultat gjennom samarbeid med andre
- engasjert og lettlært
- strukturert og resultatorientert
- sjølvstendig og trygg i rolla
- strukturert og resultatorientert
- teknisk innsikt og evne til å tenke logisk
Vi tilbyr
- ei spennande og utfordrande rolle i ein bransje som er i sterk utvikling
- faglege utfordringar og høve til å utvikla deg personleg i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
- konkurransedyktige vilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- firmahytter i Røldal, Voss og Spania
Kontaktinformasjon
Terje Sæverud, IT-sjef, 95820003Arbeidsstad
Øklandsvegen 905430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bremnes SeashoreReferansenr.:4567127373
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2022