Sjukepleiar 2 x 100%, fast og vikariat Husnestunet Institusjon
Omtale av stillinga
På Husnestunet har vi 2 ledige stillingar som sjukepleiar/evt vernepleiar. Stillingane er knytt til Somatisk avdeling. Den eine stillinga er eit svangerskapsvikariat, medan den andre er fast.
Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg. Somatisk avdeling er ei langtidsavdeling med 15 pasientar. Avdelinga har fokus på utvikling, trivsel og miljø til det beste for brukarane våre.
Vikariat er ledig i følgande periode:
01.06.21-06.03.22
Dersom du søkjer på fleire stillingar innanfor sektor for omsorg, helse og sosial, prioriter dette i søknaden/søknadane.
Om vi ikkje får kvalifiserte søkjarar til stillinga vil vi vurdere å tilsetje fagarbeida anna helsefagutdanna i deler av stillingane.
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar.
Søkjar må ha sertifikat klasse B.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som er fleksibel og løysningsorientert.
Du har gode evner til kommunikasjon og samhandling.
Du arbeider sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Tilpassa turnus og godt samarbeid i team.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.