Helsefagarbeidar - 100 % stilling - Fusa bu- og behandlingssenter
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ynskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar?
Då kan du vera den rette for oss.
Vi søkjer etter helsefagarbeidar til 100 % fast stilling frå 01.07.20.
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) er ein heildøgnsinstitusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune. FBBS har 2 langtidsavdelingar for personar med demens, 1 langtidsavdeling for somatikk og 1 korttids-/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt 1 ØHD- plass. FBBS har eige produksjonskjøkken og vaskeri.
FBBS ligg sentralt plassert i Eikelandsosen med flott utsikt over fjorden. Dei siste åra har institusjonen gjennomgått ei større ombygging. Store gode rom, fine fargar, bilder og interiør, i tillegg til dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø gjer dette til ein god arbeidsplass.
Arbeidsoppgåver:
Pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon, og ernæringsarbeid.
Være med å drive forbetringsarbeid og vidareutvikle tenestene.
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer etter deg som har/er:
-
autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
-
eventuelt andre med relevant utdanning og/eller helsefagleg erfaring.
-
fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande.
-
evne til å arbeide sjølvstendig.
-
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør.
-
eit fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn etter tariff etter gjeldande avtalar.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.