Avdelingsleiar Rus og avhengighet
Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. januar
I Klinikk for psykisk helsevern og rus skal vi etablere eigen avdeling for Rus og avhengighet. Vi skal sikre heilskaplege, sekvensielle pasientforløp på tvers av ulike behandlingstilbod innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Avdelinga skal sikre utdanning av spesialistar innan rusmedisin, utvikle akutt tilbod og sikre adekvat avrusingskapasitet.
Avdelinga vil bestå av Avgiftningspost, TSB poliklinikk og sengepost, og LAR-poliklikk. Avdelinga har lokasjonar både i Haugesund og Karmøy kommune.
Avdelingsleiar har totalansvar for avdelinga, det inneber overordna ansvar for fag og kvalitet, personell, økonomi og drift.
Vi søkjer ein engasjert og entusiastisk avdelingsleiar med solid kunnskap innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling som ønskjer å vere med å vidareutvikle verksemda og sikre framtidsretta og gode tenester til pasientane i opptaksområdet. Stillinga rapporterer til klinikkdirektør og inngår i klinikken si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Totalansvar for avdelinga – fag og kvalitet, personell, økonomi og drift
- Leie og utvikle verksemda i samsvar med overordna målsettinga og strategi
- Sikre god kvalitet i pasientbehandling og rett medisinsk prioritering
- Sørgje for at klinikken skaper effektive pasientforløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
- Sikre god koordinering av dagleg drift
- Sikre hensiktsmessig samhandling med primærhelsetenesta i opptaksområde og andre einingar i klinikken
- Stimulere til opplæring, utdanning og forsking
Kvalifikasjonar
- Høgare helsefagleg profesjonsutdanning innan psykologi eller medisin
- Spesialistkompetanse innan rus og avhengighetsmedisin vert vektlagt
- Erfaring og god klinisk kunnskap om psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
- Ønskjeleg med erfaring innan økonomi- og budsjettstyring
- Profesjonssamansetting i klinikkdirektør si leiargruppe vil bli vektlagt ved rekruttering
Personlege eigenskapar
- Evne til å sjå heilskap og god systemforståing
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne å involvere og vere ein samlande leiar
- Strukturert og med sterk gjennomføringsevne
- God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling i eit godt fagmiljø
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kenneth Eikeset, Direktør, +47 99513977Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4889936082
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Kenneth Eikeset
Direktør
+47 99513977
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2801368
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f0fc4cac18414b958e276810987f3bec