Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4389768429 Presentasjon av stillingen:
65,73 % fast stilling for tida på natt, arbeid kvar tredje helg. Nattevakter har arbeidsstad på begge sjukeheimsavdelingane, men er organisert under avd.spl i 2. etg. Omsorgssenteret har 40 pasientar, fordelt på 2 avdelingar. Avdeling 1 har tre bogruppe, to for somtiske langtidspasientar og ein spesielt tilrettelagt for pasientar med demens. Avdeling 2 har to bogruppe for somatisk sjuke langtidspasientar og ei lindrande avdeling med 8 pasientar. Vi jobbar systematisk med fagutvikling og er opptatt av å levere tenester med høg fagleg kvalitet. Det er derfor nødvendig for oss å ha medarbeidare som er fagleg engasjerte, opptatt av å gjere ein forskjell for pasientane våre, og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og veiledning av pasientar og pårørande i avdelinga slik at dei opplev tryggheit og helheitlige, koordinerte og forutsigbare tenester.
- Planleggje, prioritere og utføre sjukepleie til pasientar.
- Sørge for at tenesten er i henhold til lovverk, kommunale retningslinjer og fagleg god praksis
- Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i fagleg utviklingsarbeid
- Aktivt bidra til eit godt arbeidsmiljø, helseframmande og ein inkluderande arbeidsplass.
- Organisert i faste natt- team, med tre ansatte per vakt som er ansvarleg for å dekkje behova i begge avdelingane. Fortrinnsvis to sjukepleiare og ein helsefagarbeidar.
- Tett samarbeid med avdelingsjukepleiar for å sikre forsvarleg drift til ei kvar tid.
- Arbeid kvar tredje helg
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar. HPR nr oppgis i søknaden.
- Beherske dei vanligaste IKT-verktøy (Visma Profil, Kvalitetssystem, GAT eller tilsvarende)
- Godkjent norsk språkprøve på B2-nivå på Europarådets nivåskala for språk (CEFR)
- God munnleg og skriftleg fremstillingsevne.
- Gyldeg politiattest må framvisast ved tilsetting, denne leggast ikkje ved søknaden.
- Autorisasjon som sjukepleiar.
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker at du er strukturert, positiv, løysings- og utviklingsorientert
- Du må like å arbeide sjølvstendig, men samtidig sjå viktigheita av teamarbeid rundt pasientane våre.
- Vi vektlegg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Stor arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar. Du må trivst med varierte utfordringar og å gje pasientane omsorg av høg kvalitet.
- Faglig engasjement.
- Evne til å engasjere og motivere kollegaer og ivareta eit godt arbeidsmiljø.
- Vere ein god rollemodell for andre.
- Personleg egnaheit til stillinga vil vektleggast ved ansetting
Vi tilbyr
- En interessant arbeidskvardag med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og arbeidsvilkår etter tariff.
Kontaktinformasjon
Liv Sunde Braaten, Avd.sjukepleiar, 70164135
Arbeidsstad
Skarpetegvegen 18
6012 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4389768429
Stillingsprosent: 65,73%
Fast
Søknadsfrist: 06.06.2021
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.