B-10 Barne og ungdomsarbeider 100% fast Førresdalen barnehage
100 % fast stilling frå15.08.19
Beskrivelse av avdeling
Tysvær kommune eig og driv 7 barnehagar. Vi har fokus på kompetanseheving og kvalitet, og har etter kvart opparbeida oss eit høgt fagleg nivå. Tysvær kommune legg vekt på felles satsingsområde, samstundes som vi synest at det er viktig å ta vare på den einskilde barnehage sin særeigenskap.
Kommunen ønskjer at barnehagane skal representere eit mangfold av menneske og oppfordrar særskilt menn til å søkje.
Vi søkjer
Vi er på jakt etter deg som har lyst å vere med å utvikle barnehagane i Tysvær. Du kan arbeide sjølvstendig samstundes som du kan arbeide i team. Du er positiv og interessert i å bidra til å auke kvaliteten i barnehagene ytterlegare. Du er kreativ, løysingsfokusert og åpen for nye utfordringar. For meir informasjon kan ein gå inn på barnehagen si heimeside.
Vi tilbyr
Viss du blir med, kan vi tilby:
- ca. 50 % av dei tilsette er førskulelærarar
- rettleiing av nytilsette førskulelærarar
- et godt fagleg miljø med nettverksgrupper på ulike fagområde
- satsing på IKT og realfag
- prosjektarbeid
- et godt system på kompetanseheving
- gode arbeidsmiljø
- gode lønns og arbeidsvilkår
- velferdsordningar
Søknad sendes
Spørsmål kring korleis du søkjer kan rettast til Servicetorget på telefon: 52 75 70 00.
Vitnemål og attestar skal kun takast med til evt.intervju, og desse blir dessverre ikkje returnerte.
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta