Lærarvikariat i Etne kommune
Stillingsannonsen er inaktiv.ETNE KOMMUNE
Enge skule
Etne kommune har to skular, Enge skule og Skånevik skule og søkjer etter klasseleiarar med relevant undervisningskompetanse i årsvikariat. Etne kommune er ein MOT-kommune der skulane arbeider aktivt med MOT-verdiane. Den som vert tilsett, må kunna identifisera seg med verdiane i MOT og arbeida målretta for å skapa eit godt skulemiljø. Skulane og barnehagane i Etne med i pulje to i det nasjonale prosjektet Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Dette arbeidet vil skulane arbeida vidare med. Etne kommune har innført iPad 1:1 i begge skulane. Digital læring er ein sentral del i undervisninga i Etne-skulen.
Enge skule ligg i Etne sentrum og er ein kombinert 1-10 skule med to klassar på kvart steg og 391 elevar. Skånevik skule ligg i Skånevik sentrum 27 km frå Etne sentrum. Skulen er fådelt 1-10 skule med 107 elevar.
Etne kommune søkjer gode klasseleiarar med relevant undervisningskompetanse. I søknaden ønskjer me at du skriv om kva fag som ligg i di utdanning, og at tilleggsutdanning blir spesifisert med fag og studiepoeng. Dersom du ønskjer, kan du prioritera kva skule du har som førsteval.
Nyutdanna lærarar får eigen mentor.
Arbeidsoppgåver
Undervisning på ulike trinn. Planleggja, gjennomføra og evaluera læringsarbeid. Forpliktande team- og trinnsamarbeid med vekt på å auka læringa til elevane. Leia og motivera medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats til det beste for elevane.
Sikra eit godt samarbeid med føresette og andre aktørar.
Ønska kompetanse:
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Søkjaren må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og beherska nynorsk som er opplæringsspråket i Etne kommune. Gode digitale kunnskapar.
I søknaden din ønskjer me at du skriv om kva fag som ligg i utdanninga di og at tilleggsutdanning vert spesifisert med fag og studiepoeng.
Personlege eigenskapar
Du inspirerer born og vaksne og bidreg til livsglede og lærelyst. Du skapar engasjement for å sikra godt læringsmiljø og læringsresultat. Du er roleg, tolmodig og engasjert. Du har eit positivt elevsyn, er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell. Du er opptatt av å skapa gode relasjonar til elevane. Du er positiv, fleksibel og likar samarbeid. Du likar utfordringar og er løysingsorientert. Du kommuniserer godt med kollega, elevar og føresette.
Anna:
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
ETNE KOMMUNE
Adresse
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Etne kommune har ca 3900 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 22. mars 2021
Hentet fra: Etne kommune
Referanse: rekrutering.etne.kommune.no/recruitment/opening?0?879/2021-SONFRA
Stillingsnummer: 70905822-3971-4308-998b-2e89796ee963