Avdelingsleiar Tu skule
Org. nr: - Stillingsident: 4297740460 Presentasjon av stillingen:
Tu skule treng avdelingsleiar i 100 % stilling. Me søkjer deg som ønskjer å vera med å drifta og vidareutvikla ein framtidsretta og god skule.
Tu skule er ein PALS-skule med 267 elevar fordelt på 1. -7. trinn. Me er stolte over å ha eit godt profesjonsfellesskap med dyktige tilsette. Skulebygningen er moderne og har utstyr som legg til rette for variert undervisning. Alle elevar og lærarar nyttar iPad i undervisninga. Dei siste åra har skulen bygd opp skaparverkstad som skal leggja til rette for utforsking og kreativitet. Skulen vart sertifisert Dysleksivennleg i 2018. Me har eit positivt elevmiljø og samarbeider godt med føresette og andre i Tu-krinsen, blant anna gjennom «Partnerskap mot mobbing».
Skulen er ein ein del "Jærskulen". Jærskulen er eit samarbeid om skuleutvikling i Hå, Time, Gjesdal og Klepp kommune.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar vil ha hovudansvar for 1.-3. trinn og vera ein del av leiarteamet saman med avdelingsleiar for 4.-7.trinn og rektor. Stillinga er tillagt 50 % leiing og inntil 50 % undervisning.
Kvalifikasjonar
- Lærarutdanning, gjerne vidareutdanning innan begynneropplæring.
- Rektorskulen eller anna leiarutdanning, eventuelt ønskje om å ta vidareutdanning.
- Undervisningserfaring frå 1.- 4. trinn.
- Leiarerfaring
- God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er positiv, har stort engasjement og god arbeidskapasitet som evner å:
- Setja elevane si læring og utvikling i fokus.
- Motivera tilsette og elevar til å skapa eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø.
- Vera ein tydeleg og raus leiar.
- Kombinera administrativ og pedagogisk leiing.
- Vera lojal.
Vi tilbyr
Ein spanande jobb på ein framtidsretta skule med god trivsel.
Kontaktinformasjon
Vibeke Sola, Rektor, 40288726, vibeke.sola@klepp.kommune.no
Arbeidsstad
Lalandsvegen 410
4340 Bryne
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kommune
Referansenr.:4297740460
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2020