Sokneprest i Fana prosti, med Os sokn som tenestestad
Org. nr: - Stillingsident: 4191678423 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig stilling som sokneprest i Fana prosti med Os kyrkjelyd som tenestestad.
Fana prosti strekkjer seg frå Birkeland i nord til Austevoll og Bjørnafjorden i sør. Prostiet består av 7 sokn og soknepresten har prostiet som tenestedistrikt.
Os er ein stor kyrkjelyd. Det er 20 983 innbyggjarar i soknet. 15 490 av dei er medlemmar av Den norske kyrkja. Det er to kyrkjer i soknet, Os kyrkje frå 1870 og Nore Neset kyrkje frå 2000. Rett ved Os kyrkje ligg kyrkjelydshuset <>. Tunet gjev rom for alle aldersgrupper i kyrkjelyden, frå babysong til seniorarbeid. Det er òg utleigd til ulike formål.
Os sokn sin visjon er: Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen.
Os kyrkjelyd er ein aktiv kyrkjelyd med eit variert gudstenestetilbod. I 2019 var det totalt 102 gudstenester på søn --og helgedagar, inkludert eigne dåpsgudstenester. 174 born vart døypte i kyrkjene våre, 31 par vart vigde og 99 gravlagde. Talet på konfirmantar har lege på 150 -170 dei siste åra. I snitt var det i 2019 158 deltakarar pr gudsteneste.
Det er kortilbod for barn og unge frå toårsalder til og med Tensing, det er ulike former for barne-, familie- og ungdomsarbeid, ei stor og aktiv speidargruppe, vaksenarbeid og seniorarbeid. Det er registrert om lag 200 frivillige medarbeidarar, og det er eit aktivt misjonsengasjement i kyrkjelyden. Samarbeidet mellom kyrkje og skule følgjer ein fast plan, der kateket, kantor og prestar har sine ulike oppgåver.
Os sokn har 14 tilsette med dagleg leiar, frivilligkoordinator, diakon, kateket, trusopplæringsmedarbeidarar, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar, kontorpersonale, kantorar og tre prestar. I tillegg kjem kyrkjetenarar. Alle tilsette har gode kontortilhøve i kontorfløya i Tunet.
Prestane tek del i beredskapsordninga i prostiet og skal vere disponibel for prosten etter avtale. Prosten samlar prestane til tekstgjennomgang kvar veke, og obligatorisk konvent tre gonger i semesteret.
Soknepresten er medlem av Os sokneråd, AU og nokre utval.
For meir informasjon om Os sokn, sjå https://kyrkja.no/os
Målforma i kyrkje og skule er nynorsk.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentlege sjølv om søkjarane ber om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest jf. politiregisterloven § 39).
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- Kyrkjelege handlingar og gudstenester etter oppsett plan
- Beredskapsordning etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja.
- Deltaking i samarbeidet mellom kyrkje og skule etter oppsett plan
- Det er ønskjeleg at den som vert tilsett kan ta del i arbeidet med psykisk utviklingshemma i samarbeid med ei ressursgruppe av frivillige
Kvalifikasjonar
- Cand.theol, med praktikum eller tilsvarande
- Master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
- Ein tydeleg og samlande leiar for kyrkjelyden
- Gode samarbeidsevner
- Evner til å sette strategiar og visjonar ut i livet
- God på å skape relasjonar til både løna og uløna medarbeidarar i alle alder
- Ein dyktig forkynnar som evner å finna språk og former som kommuniserer den kristne bodskapen i vår tid
Vi tilbyr
- Eit trygt, godt og støttande arbeidsmiljø
- Felles kontorlokale i Os sentrum, like ved Os kyrkje
- Prioritert barnehageplass dersom ein treng det.
- Plassering i stillingskode 1555, sokneprest
- Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse.
- Reiseutgifter blir godtgjort etter gjeldande regulativ.
- Til lønna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler.
- Den som vert tilsett får tilbod om arbeidsvegleiing.
Kontaktinformasjon
Kristin Sævik Litlere, Prost, 906 30 687
Cathrine Waaler Halstensen, Personalsjef, 996 25 480
Arbeidssted
Kyrkjetunet, Osøyro 49
5200 Os
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Den norske kirke
Referansenr.:4191678423
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2020